Emner: MEPRO100 Examen facultatum - Medieproduksjon og akademisk skriving - Høst 2018
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Fulltid/deltid
Fulltid
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsstad
Media City Bergen
Mål og innhald
Emnet gir ei innføring i teoriar og metodar som søkjer å forstå medieproduksjon og -praksis, og gir ei opplæring i akademisk skriving med fokus på å setje medieproduksjon inn i ein akademisk samanheng. Emnet gir ei forståing av korleis teori og praksis heng saman. Studentane får undervisning i akademiske tenkemåtar, metodar og ressursar. Dei lærer å finne fram til og å bruke relevante akademiske kjelder. Dei lærer om referanseteknikk og god sitatskikk, samt kva som kjenneteiknar akademisk skriving. Studentane lærer òg konvensjonane for ulike akademiske sjangrar, slik at dei seinare i studieløpet veit kva ei akademisk oppgåve og ein produksjonsrapport skal innehalde, og kvifor.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskap:
Studenten
- kan finne fram til og bruke relevante akademiske kjelder i oppgåver som analyserer og reflekterer kring medieproduksjon og -praksis.
Ferdigheiter:
Studenten
- kan skrive akademiske oppgåver som analyserer og reflekterer kring medieproduksjon og -praksis frå ein akademisk ståstad
Generell kompetanse:
Studenten
- kan formidle sentralt fagstoff innan medieproduksjon, slik som teoriar, problemstillingar og løysingar, både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer
- kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre som har ein bakgrunn innanfor fagområdet medieproduksjon
- kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar innan medieproduksjon
Studiepoengsreduksjon
- MEPRO100 har fullt overlapp med, og får ti (10) studiepoengreduksjon i kombinasjon med EXFAC00AS Eksamen facultatum, akademisk skriving.
- MEPRO100 har fem (5) studiepoengreduksjon i kombinasjon med MIX100.
Studentar som tidlegare har fullført MIX101 men ikkje MEPRO100, oppmodast til å ta kontakt med studierettleiar.
Krav til studierett
Reservert studentar ved bachelorprogramma i journalistikk og tv-produksjon
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar og workshops
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Deltaking i workshoppane er obligatorisk.
I workshoppane må studentane skrive ei øvingsoppgåve. Dei må òg opponere på ei øvingsoppgåve skrive av ein medstudent.
Vurderingsformen i MEPRO100 er ei skriftleg oppgåve. Det er obligatorisk å levere inn eit førsteutkast av oppgåva for rettleiing.
Dei obligatoriske krava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.
Godkjente obligatoriske krav har ingen tidsavgrensing.
Vurderingsformer
Vurderinga av studenten er basert på følgjande:
Ei skriftleg oppgåve på 3000-4000 ord om eit gitt tema innan medieproduksjon, til dømes knytt til journalistikk eller tv-produksjon.
Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester
Haust
Emneevaluering
Emnet blir evaluert av studentane kvart tredjeår, av faglærar kvart år
Programansvarleg
Programstyret ved Institutt for informasjons- og medievitskap
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet, ved Institutt for informasjons- og medievitenskap
Kontaktinformasjon
studierettleiar@media.uib.no
Institutt
Institutt for informasjons- og medievitskap