Emner: MEVI102 Mediebruk: Teori og metode - Høst 2018




Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Bruk av forskjellige medier til informasjon, kommunikasjon og underhaldning er ein del av kvardagslivet for dei fleste menneske. Dette emnet tar opp forholdet mellom mediene og brukarane, og går inn på kva mediebruk betyr for politisk meiningsdanning og for folk sitt dagligliv. Emnet introduserer sentrale teoriar om korleis folk bruker mediene, kva dei får ut av den bruken, og korleis menneske kan bli påverka av medier. Dette vert knytt opp mot undersøkingar frå historisk og samtidig mediebruks- og publikumsforsking. Emnet gjer kritiske perspektiv på debattar om medievald, medienes rolle i politisk meiningsdanning, og barn og unge sin mediebruk.

Emnet gir innføring i sentrale kvalitative og kvantitative metodar som vert nytta på dette feltet. Undervisning i metode legg vekt på praktiske øvingar og studentaktive læringsformer.

Målet er å gi studentane ei oversikt over - og forståing av - teoriar og metodar for analyse av mediebruk og media sitt publikum.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

Ferdigheiter

Kandidaten

Generell kompetanse

Kandidaten

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Byggjer på MEVIX100. Studentar som ikkje har MEVIX100 bør setje seg inn i grunnleggjande omgrep og teoriar om kommunikasjonsprosessen før semesterstart.

Krav til studierett

Ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt i form av førelesingar, seminar og praktisk metodeopplæring som til dømes lab. Seminaret er retta inn mot løysing av øvingsoppgåver med utgangspunkt i pensum.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatoriske arbeidskrav har inga tidsavgrensing.

Vurderingsformer

Seks timars skriftleg skuleeksamen.

Karakterskala

Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).

Fagleg overlapp

Emnet overlappar 15 studiepoeng med det gamle medievitskap grunnfag (MEVIG).

Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret og påfølgande semester (ordinær eksamen for studentar med gyldig godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet).

Emneevaluering

Emnet vert evaluert av studentane kvart 3.år, av faglærer kvart år

Kontaktinformasjon

studieveileder@media.uib.no

Institutt

Institutt for informasjons- og medievitskap