Norsk
Haust
Målet er å gi studentane forståing av korleis mediene er ein del av, påverkar og påverkast av kulturen og samfunnet.
I dette emnet diskuterer ein samspelet mellom media og fundamentale politiske, sosiale og kulturelle prosessar i samfunnet. Sentrale element er forholdet mellom elite- og populærkultur, og media si rolle i danning av ulike typar identitetar og førestellingar om kulturelt særpreg, knytt t.d. til nasjon, etnisitet, klasse, kjønn og subkulturar. I emnet diskuterer ein media si tyding for ulike transnasjonale moderniseringsprosessar i lys av perspektiv på medie- og samfunnsutvikling.
Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne:
- Greie ut om kunnskap om samspelet mellom kulturelle felt og andre samfunnsinstitusjonar, samt om spenningsforholdet mellom kunst og populærkultur.
- analysera samanhengar mellom media sine representasjonsformer og identitetsskapande prosesser i samfunn og kvardagsliv, særleg knytt til klasse, kjønn, alder, nasjonalitet og etnisitet.
Ingen
MEVI100. Studentar som ikkje har MEVI100 anbefalast å setje seg inn i grunnleggjande omgrep og teoriar om kommunikasjonsprosessen før semesterstart. Dette emnet gir best meining om det vert tatt saman med eller etter andre emne i medievitskap eller kultur- eller samfunnsfag.
Undervisninga blir gitt i form av førelesingar og oppgåveseminar. Seminaret kan vere IKT-støtta.
Oppmøte på seminar og levering av øvingsoppgåver i tilknyting til seminar. Obligatoriske arbeid som er godkjende har inga tidsavgrensing.
6 timars skuleeksamen.
studieveileder@media.uib.no
Institutt for informasjons- og medievitskap