Emner: MEVI104 Retorikk og strategisk kommunikasjon - Vår 2018




Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

 

Mål og innhald

Målretta og planlagt kommunikasjon er ein integrert del av verksemda til organisasjonar, interessegrupper og politiske parti for å kunna overtyda, informera og endra åtferd. Strategisk kommunikasjon og målgruppetenking pregar politikk og samfunnsliv, og som medborgarar blir vi utsette for finsikta påverknadsforsøk frå interessegrupper og kommersielle aktørar. I dette emnet studerer vi slik kommunikasjon.

Heilt frå retorikken til Aristoteles og sofistane og til våre dagars medie- og kommunikasjonsforsking har mennesket prøvd å greie ut korleis vi påverkar kvarandre. Emnet gir ei historisk og systematisk innføring i retorikk og strategisk kommunikasjon som generell medie-, kommunikasjons- og argumentasjonslære. Vi ser på slik kommunikasjon i forhold til kulturelle, historiske og situasjonelle omstende, og som konstruksjon av identitet. Vi drøftar forholdet til sjanger, medium og formidlingsmåtar. Vi ser på retorikk som argumentasjon, estetikk og etikk, og vi undersøkjer korleis forskjellige medier påverkar retorikk og strategisk kommunikasjon.

I emnet gjer vi ikkje berre historiske, teoretiske og analytiske studium, vi arbeider også med praktisk kommunikasjonsarbeid. Du må til dømes halde ein tale eller gi ein presentasjon, og du må gi konstruktiv tilbakemelding til medstudentar sine presentasjonar. Gjennomført deltaking i den praktiske formidlinga er eit krav for å få ta eksamen.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

Ferdigheiter

Studenten

Generell kompetanse

Studenten

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MEVIX100. Studentar som ikkje har MEVIX100 anbefalast å setje seg inn i grunnleggjande omgrep og teoriar om kommunikasjonsprosessen før semesterstart. Dette emnet gir best meining om det vert tatt saman med eller etter andre emne i medievitskap eller kultur- eller samfunnsfag.

 

Krav til studierett

Studentar som er tatt opp til Bachelorprogrammet i medievitskap, årsstudium i medievitskap eller til Bachelorprogrammet i retorikk.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt i form av førelesingar og seminar. Praktiske øvingar og presentasjonar vil inngå i førelesningar og seminar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Følgjande obligatoriske undervisningsaktiviteteter må være godkjent for å kunne gå opp til eksamen:

  1. Halde ein tale eller presentasjon
  2. Gi konstruktiv tilbakemelding på medstudentars presentasjonar
  3. Godkjent faktatest
  4. Oppmøte på seminar og gruppeundervisning

En godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet er gyldig i to semester etter godkjenningen.

Vurderingsformer

Eksamen kan takast individuelt eller i grupper på opp til fem personar. Vi oppfordrar til å velgja gruppeeksamen. Eksamen består av to deler:

  1. Ei praktisk formidlings-, kommunikasjons- eller strategioppgåve som studenten/ studentane sjølv vél innan visse rammer (teller 1/3)
  2. Ein rapport som med bakgrunn i teoriar frå emnet gjer greie for kva slags vurderingar ein gjorde i arbeidet med den praktiske oppgåva (teller 2/3)

Ved ein forfattar må rapporten vere på om lag 6000 ord, ved to forfattarar må rapporten vere på om lag 8000 ord, om tre skriv saman, må rapporten vere på om lag 10 000 ord, om fire eller fem skriv saman må rapporten vera på om lag 11 500 ord.

Karakterskala

Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).

Fagleg overlapp

Full overlapp med RET101 (15 sp)

Vurderingssemester

Vår

Emneevaluering

Emnet vert evaluert av studentane kvart 3.år, av faglærer kvart år

Kontaktinformasjon

studieveileder@media.uib.no

Institutt

Institutt for informasjons- og medievitskap