Emner: MEVI153 Dokumentar og reportasje - Vår 2014




Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Emnet skal gi studentane teoretiske, analytiske og praktiske kunnskap om og ferdigheiter i dokumentar- og reportasjegenren i audiovisuelle media. Studentane skal ha kunnskap om sentrale teoridanningar og historiske hovudliner i dokumentargenren. Vidare skal studentane ha kjennskap til produksjonsprosessen i dokumentar- og reportasjegenren.

Gjennom ei forelesingsrekke tilbyr emnet ei innføring i teoretiske perspektiv på dokumentar- og reportasjegenren, samt i genren si historie og kjenneteikn i film og fjernsyn. I tillegg til skal studentane arbeide med eigne produksjonar i grupper satt saman av studentar frå dei to praktiske programma. Kvar gruppe skal produsere ein portrettdokumentar. Arbeidet skal gi innsikt i og erfaring med produksjonsprosessen frå idéutvikling og manusskriving til produksjon og postproduksjon, samt gi meir spesialiserte produksjonstekniske og journalistiske ferdigheiter i til dømes intervjuteknikk, foto, regi, lyd, grafisk etterarbeid og lyd/musikkbruk.

 

 

Læringsutbyte

Etter å ha fullført emnet skal studenten ha:

 

-teoretisk, analytisk og praktisk kunnskap om, og ferdigheter i,

dokumentar- og reportasjegenren

 

-kunnskap om sentrale teoridanninger og historiske hovedlinjer i

dokumentargenren

 

-kjennskap til produksjonsprosessen i dokumentar- og reportasjegenren,

samt spesialisering innen ett av flere arbeidsfelt i en produksjon

Tilrådde forkunnskapar

INFOMEVI106

Krav til studierett

Emnet er reservert for studentar ved bachelorprogramma i journalistikk, film & tv, og nye medier.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga blir gitt i form av førelesingar, workshops og produksjonsrettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking i teknisk opplæring, planlegging og produksjon av oppgåver.

Vurderingsformer

Det vert nytta mappevurdering. I mappa inngår

(krav til dei to skriftlege arbeida føreligg i eiga orientering).

Arbeida i mappa vert vurdert samla og gitt ein bokstavkarakter (A-F). Gruppeproduksjonen evalueres som et fellesprodukt og gis karakter som teller 50% av samla karakter. Dei to skriftlege arbeida teller samla 50%.

Dersom ein kandidat stryk på ei eller begge av dei skriftlege arbeida, kan nye skriftlege arbeid leverast inn til sensur i påfølgjande semester. Dersom gruppe- produksjonen vert sett til stryk, kan studenten melda seg opp til ny fullstendig eksamen i neste undervisningssemester for emnet.

 

 

 

Karakterskala

Karakterskala A-F

Fagleg overlapp

Full overlapp mot MEVI166

Emneevaluering

Emnet vert evaluert av studentane kvart 3.år, av faglærer kvart år

Kontaktinformasjon

studieveileder@media.uib.no