Målet er å gi studentane kunnskapar om fundamentet for etisk forsvarleg journalistikk og eit grunnlag for å gjere presseetiske vurderingar. Vidare skal kurset gi studentane kunnskapar og evner i ulike journalistiske metodar, med særleg vekt på kjeldekritikk. Kurset skal gi kunnskap om relevante lovar og reglar, med særleg vekt på opphavsrettar.
Emnet tilbyr ei fordjuping i journalistikken sitt normative grunnlag og i kjeldekritiske og andre metodiske problem. Det tilbyr innsikter i moralfilosofiske utgangspunkt for presseetikk, oversikt over presseetiske system for forvaltning av yrkesetikken - både historisk og i samtida - og inngåande drøfting av konkrete presseetiske dilemma. Kurset rommar praktiske øvingar, knytt både til arbeid med konkrete presseetiske dilemma og metodisk praktiske øvingar. Ein diskuterer særleg dei utfordringar for ein uavhengig kvalitetsjournalistikk som følgjer av veksten i mediestrategibransjen og profesjonalisering blant mediekjelder. Kurset fokuserer på dei særskilde utfordringar for kvalitetsjournalistikk og yrkesetikk som ulike sider ved internett representerer, inkludert opphavsrettslege spørsmål.
Etter avslutta emne kan kandidaten
Emnet er reservert for studentar ved bachelorprogramma i journalistikk, film & tv-produksjon og nye medier