Emner: MEVI167 Etikk, metode og opphavsrett - Vår 2014




Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust (fyrste gong hausten 2010)

Mål og innhald

Målet er å gi studentane kunnskapar om fundamentet for etisk forsvarleg journalistikk og eit grunnlag for å gjere presseetiske vurderingar. Vidare skal kurset gi studentane kunnskapar og evner i ulike journalistiske metodar, med særleg vekt på kjeldekritikk. Kurset skal gi kunnskap om relevante lovar og reglar, med særleg vekt på opphavsrettar.

Emnet tilbyr ei fordjuping i journalistikken sitt normative grunnlag og i kjeldekritiske og andre metodiske problem. Det tilbyr innsikter i moralfilosofiske utgangspunkt for presseetikk, oversikt over presseetiske system for forvaltning av yrkesetikken - både historisk og i samtida - og inngåande drøfting av konkrete presseetiske dilemma. Kurset rommar praktiske øvingar, knytt både til arbeid med konkrete presseetiske dilemma og metodisk praktiske øvingar. Ein diskuterer særleg dei utfordringar for ein uavhengig kvalitetsjournalistikk som følgjer av veksten i mediestrategibransjen og profesjonalisering blant mediekjelder. Kurset fokuserer på dei særskilde utfordringar for kvalitetsjournalistikk og yrkesetikk som ulike sider ved internett representerer, inkludert opphavsrettslege spørsmål.

Læringsutbyte

Etter avslutta emne kan kandidaten

 

 

Tilrådde forkunnskapar

INFOMEVI106, MEVI106 eller MEVI107

Krav til studierett

Emnet er reservert for studentar ved bachelorprogramma i journalistikk, film & tv-produksjon og nye medier

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga blir gitt i form av 12-15 førelesingar og oppgåveseminar. Seminaret kan vere IKT-støtta.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på internt "PFU-møte".

Vurderingsformer

Ei refleksjonsoppgåve basert på deltakinga i det interne PFU-møtet. Ein tredagars heimeeksamen mot slutten av semesteret. Dei to arbeida blir vurdert samla med bokstavkarakterar, der kvar del utgjer 50% av samla karakter. Arbeida kan knytast til informasjon som finst på Internett.

Karakterskala

Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).

Fagleg overlapp

Dersom studenten tidlegare har tatt MEVI163 eller MEVI164 gir emnet MEVI167 berre 10 studiepoeng. Dersom studenten tidlegare har tatt både MEVI163 og MEVI164 gir MEVI167 berre 5 studiepoeng.

Vurderingssemester

Haust

Emneevaluering

Emnet vert evaluert av studentane kvart 3.år, av faglærar kvart år

Kontaktinformasjon

studieveileder@media.uib.no

Institutt

Institutt for informasjons- og medievitskap