Emner: MEVI168 Nyhetsjournalistikk - Høst 2014




Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Målet med emnet er å styrkje studentane sine analytiske evner og praktiske ferdigheiter i forhold til nyheitsproduksjon for film, tv og nye medier. Studentane skal lære å arbeide på tvers av ulike medier: avis, tv og nettmedier.

Emnet gir fordjuping i arbeid med nyheits- og dokumentargenrane både på eit analytisk og eit kreativt nivå. Dette medfører både ei teoretisk og praktisk tilnærming, og set fokus på både tradisjonelle film- og tv-format, nye teknologiske moglegheiter knytt til desse og til nettbasert nyheitsformidling, som t.d. grasrotjournalistikk og weblogging. Emnet vert avslutta med ein produksjonsperiode der studentar for bachelorprogramma i journalistikk, film- og tv-produksjon og nye medier arbeider saman i grupper.

Læringsutbyte

Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne:

 

- utføre grunnleggande nyhendejournalistisk arbeid

- utøva praktisk kjeldekritikk

- gjera greie for sentrale nyhendesosiologiske innsikter

Tilrådde forkunnskapar

MEVI100 eller tilsvarande.

Krav til studierett

Emnet er reservert for studentar ved bachelorprogrammet i journalistikk.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar og produksjonsarbeid i grupper under rettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Praktiske oppgåver undervegs i kurset. Obligatorisk frammøte- og produksjonskrav blir gjort kjent ved kursets start. Fem utvalde arbeid frå produksjonsperioden skal leverast innan oppgitt frist. Arbeida blir vurdert som godkjend/ikkje godkjend.

Vurderingsformer

Ei 4 dagars heimeeksamen i nyhendeanalyse.

Ei skriftleg refleksjonsoppgåve basert på produksjonsperioden.

Dei to elementa får ein samla bokstavkarakter, der kvar del utgjer 50 % av samla karakter.

Karakterskala

Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F)

Fagleg overlapp

Full overlapp mot MEVI154

Vurderingssemester

Vår

Emneevaluering

Emnet vert evaluert av studentane kvart 3.år, av faglærar kvart år

Kontaktinformasjon

studieveileder@media.uib.no