Målet med emnet er å styrkje studentane sine analytiske evner og praktiske ferdigheiter i forhold til nyheitsproduksjon for film, tv og nye medier. Studentane skal lære å arbeide på tvers av ulike medier: avis, tv og nettmedier.
Emnet gir fordjuping i arbeid med nyheits- og dokumentargenrane både på eit analytisk og eit kreativt nivå. Dette medfører både ei teoretisk og praktisk tilnærming, og set fokus på både tradisjonelle film- og tv-format, nye teknologiske moglegheiter knytt til desse og til nettbasert nyheitsformidling, som t.d. grasrotjournalistikk og weblogging. Emnet vert avslutta med ein produksjonsperiode der studentar for bachelorprogramma i journalistikk, film- og tv-produksjon og nye medier arbeider saman i grupper.
Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne:
- utføre grunnleggande nyhendejournalistisk arbeid
- utøva praktisk kjeldekritikk
- gjera greie for sentrale nyhendesosiologiske innsikter
Ei 4 dagars heimeeksamen i nyhendeanalyse.
Ei skriftleg refleksjonsoppgåve basert på produksjonsperioden.
Dei to elementa får ein samla bokstavkarakter, der kvar del utgjer 50 % av samla karakter.