Emner: MEVI200 Bacheloroppgave i medievitenskap - Vår 2014




Studiepoeng

15.0

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

 Vår

Mål og innhald

Målet med emnet er å gje studentane grunnleggjande kunnskap om korleis ein planlegg og gjennomfører eit mindre forskingsprosjekt. Studentane får trening i å utvikla presise problemstillingar, samla inn og systematisera eit empirisk materiale, og å bruka metodisk innsikt, teoretiske perspektiv og begrep i analyse av det innsamla materialet.

Kurset skal munna ut i eit sjølvstendig skriftleg arbeid, ei bacheloroppgåve. Bacheloroppgåva er eit sjølvstendig vitskapleg arbeid skrive under rettleiing. Tema og problemstillingar for bacheloroppgåva skal veljast i tilknyting til, og representera ei fordjuping innan, eitt av dei emna på 200-nivå som instituttet tilbyr.

Læringsutbyte

Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne:

 

 

 

Krav til forkunnskapar

MEVI101, MEVI102, MEVI103 og MEVI104

Krav til studierett

Emnet er reservert studentar på bachelorprogrammet i medievitskap

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar og seminar. Individuell rettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk seminardeltaking og rettleiing. Tema og problemstillingar for bacheloroppgåva skal godkjennast av faglærar.

Vurderingsformer

Individuell bacheloroppgåve

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

 Vår

Emneevaluering

Regelmessig