Norsk
Uregelmessig haust eller vår
Målet med emnet er å styrkje studentane sine kunnskapar om pressa si utvikling, fyrst og fremst m.o.t. struktur og innhald.
Emnet gir fordjuping i norsk avishistorie med særleg vekt på utviklinga av pressestrukturen og innhaldsmessig genre. Det blir også vist til endringar i presseetiske og mediepolitiske rammevilkår for avisene. Frå år til år kan det leggjast vekt på ulike periodar, journalistiske genre, strukturelle trekk. Det kan også vere aktuelt å leggje vekt på internasjonal pressehistorie eller perspektiv på det å skrive pressehistorie.
Ingen, men kurset byggjer vidare på MEVI101-MEVI104, fyrst og fremst MEVI101 og 103
Emnet byggjer vidare på tema frå MEVI101 og 103, og det er ønskjeleg at studentane har gjennomført fleire emne frå medievitskap.
Undervisninga blir gitt i form av førelesingar og rettleiing.
Seminardeltaking og seminaroppgåve
Ein 4-dagers heimeeksamen. Besvarelsen skal være på maks 4000 ord eksklusive referanseliste.
Ingen
studieveileder@media.uib.no
Institutt for informasjons- og medievitskap