Emner: MEVI250 Bacheloroppgave i film- og tv-produksjon - Høst 2018




Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Målet med emnet er å gi studentane fordjuping i ein fagfunksjon (regi, foto, lyd, klipp eller produsent) samt røynsle på ein større produksjon. Studentane samarbeider i grupper om å spela inn ein kortfilm (fiksjon eller dokumentar) dei sjølve har utvikla konsept og manus til. Emnet skal også styrkje studentane sine analytiske evner gjennom arbeid med og refleksjon rundt eigen produksjon.

Læringsutbyte

Etter avslutta emne skal studenten kunne:

Krav til forkunnskapar

MEVI253 eller MEVI254

Krav til studierett

Emnet er reservert studentar på bachelorprogrammet i film & tv-produksjon

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar, workshops og rettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Skriving av manus under rettleiing.

Deltaking på workshops innan fagspesialisering (regi, foto, lys, klipp eller produsent).

Deltaking på produksjon av kortfilm.

Innlevering av eit intensjonsnotat.

Vurderingsformer

Evalueringsgrunnlaget er ein større produksjon for film/tv, samt ein produksjonsrapport.

Produksjonen vert gjort i grupper, og studentane får individuelle karakterar på arbeidet innan eigen fagfunksjon.

I produksjonsrapporten skal kvar einskild reflektere over arbeidet med produksjonen og eigen fagfunksjon. Intensjonsnotatet skal leverast som eit vedlegg til produksjonsrapporten.

Det vert nytta bokstavkarakterar (A-F) i vurderinga av både produksjonen og det skriftelege arbeidet, som tel høvesvis 60% og 40% ved utrekning av samla karakter.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Vår

Emneevaluering

Opplegget og undervisninga vert evaluert i slutten av semesteret.

Kontaktinformasjon

studieveileder.praktiskinfomedia@uib.no