Norsk
Vår
Emnet er reservert studentar på bachelorprogrammet i film & tv-produksjon
Obligatorisk deltaking i produksjonsarbeid.
Evalueringsgrunnlaget er eit større produksjonsarbeid for film/tv, eit intensjonsnotat, samt ein produksjonsanalyse.
Produksjonen vert gjort i arbeidsgrupper, men det vert sett individuelle karakterar på den enkelte sin produksjonsfunksjon.
I produksjonsanalysen skal kvar einskild skriva ein analyse av produksjonen og/eller eigen produksjonsfunksjon. Til arbeidet med produksjonsanalysen skal studenten legge opp 500 sider sjølvvald pensum, som skal godkjennast av faglærar. Intensjonsnotatet er ei individuell skriftleg oppgåve.
Det vert nytta bokstavkarakterar (A-F) i vurderinga av både produksjonen og dei skriftelege arbeida, som tel høvesvis 60% og 40% ved utrekning av samla karakter (krav til og vekting av dei skriftlege arbeida føreligg i eiga sensurrettleiing).
studieveileder@media.uib.no