Norsk
Vår
Emnet er reservert studentar på bachelorprogrammet i film & tv-produksjon
Skriving av manus under rettleiing.
Deltaking på workshops innan fagspesialisering (regi, foto, lys, klipp eller produsent).
Deltaking på produksjon av kortfilm.
Innlevering av eit intensjonsnotat.
Evalueringsgrunnlaget er ein større produksjon for film/tv, samt ein produksjonsrapport.
Produksjonen vert gjort i grupper, og studentane får individuelle karakterar på arbeidet innan eigen fagfunksjon.
I produksjonsrapporten skal kvar einskild reflektere over arbeidet med produksjonen og eigen fagfunksjon. Intensjonsnotatet skal leverast som eit vedlegg til produksjonsrapporten.
Det vert nytta bokstavkarakterar (A-F) i vurderinga av både produksjonen og det skriftelege arbeidet, som tel høvesvis 60% og 40% ved utrekning av samla karakter.