Norsk
Vår
Kurset gir studentane analytiske evner og trening i arbeid med journalistfaglege problemstillingar. Emnet omfattar anten eit teoretisk-analytisk arbeid eller ein medieproduksjon. Ein eventuell audiovisuell produksjon kan gjennomførast i samarbeid med studentar ved bachelorprogramma i film- og tv-produksjon og nye medier.
Ingen
Rettleiing under produksjonsperiode
Evalueringsgrunnlaget er anten ei teoretisk-analytisk bacheloroppgåve med utgangspunkt i ei journalistfagleg problemstilling, eller eit større journalistisk arbeid, produsert for skriftmedier eller audiovisuelle medier, saman med ein produksjonsrapport. Produksjonsarbeidet kan gjerast i samarbeid med studentar ved bachelorprogramma i film- og tv-produksjon og nye medier, men med individuell karaktersetjing basert på journalistisk kvalitet. I tillegg skal det lagast individuelle produksjonsrapportar med analyse av produksjonen og eigen produksjonsfunksjon. Det vert nytta bokstavkarakterar (A-F) i vurderinga av både produksjon og produksjonsrapport, som tel 50% kvar ved utrekning av samla karakter.
Ingen
studieveileder@media.uib.no
Institutt for informasjons- og medievitskap