Emner: MEVI307 Visuell retorikk - Høst 2014




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Norsk/Skandinavisk

Undervisningssemester

Uregelrett

Mål og innhald

Føremålet med emnet er å:

Sjølv om retorikken opphavleg vart utvikla som ein lære om forseggjord tale, har han sidan antikken òg vært ein visuell disiplin som stør seg på og appellerer til auget - det indre så vel som det ytre.

Dette emnet tek utgangspunkt i sambandet mellom retorikken og det visuelle og ser på korleis retorikk i dag vert utøvd visuelt. Vi undersøkjer korleis vår tids visuelle retorikk vert skapa og kva for retoriske appellar og funksjonar visuelle mediar, genrar og uttrykk utøvar i vår tids samfunn. Vi avdekkjer og korleis visuelle medier, genrar og uttrykk overtyder, griper kjenslene våre og overfører informasjon. I utforskinga av desse spørsmåla vil MEVI307 fordjupe seg i eit eller fleire emne og visuelle medier. Desse varierer frå år til år.

Studentane må pårekne aktiv deltaking i emnekretsen.

Læringsutbyte

Etter å ha avsluttet emnet skal studenten kunne:

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad eller tilsvarande, eller studierett ved bachelorprogrammet i retorikk.

Krav til studierett

Emnet er reservert studentar på masterprogrammet i medievitskap. Studentar ved andre masterprogram kan ta emnet etter søknad. Studentar ved bachelorprogrammet i retorikk kan ta emnet.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisning i form av førelesingar, seminar og rettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Aktiv deltaking ved å framskaffe aktuelle dømer på visuell retorikk. Ein fakta- og pensumtest i slutten av semesteret.

Vurderingsformer

Emneoppgåve på ca. 6000 ord

Karakterskala

Karakterskala A-F.

Vurderingssemester

Samme som undervisningssemester

Litteraturliste

Totalt vil pensum vere på omkring 1200 sider.

Emneevaluering

Opplegget og undervisninga vert evaluert i slutten av semesteret.

Kontaktinformasjon

studieveileder@media.uib.no

Institutt

Institutt for informasjons- og medievitenskap