Emnet gir innsikt i hovedtendensane i forskningen på feltet 'barn, unge og medier'. Kulturhistoriske og estetiske perspektiv på barn, barndom og medier, samt metodologiske og etiske problemstillingar knytt til det å involvere barn som deltakere i forskning, er sentrale tema i emnet. Det er ei målsetjing at studentane skal kunne forholde seg analytisk til medietekstar for barn og unge, samt ha ein kulturhistorisk forståing av barn og medier. Kva spesifikk innretning emnet får, kan variera frå semester til semester.
Læringsutbyte
Etter å ha fullført emnet har studenten:
Kjennskap til forskningstradisjonane på det aktuelle feltet
Kulturhistoriske kunnskapar om barn, barndom, medier
Ferdigheiter i å analysera medietekster for barn og unge
Evne til å gjera metodologiske og etiske vurderingar kva angår barn som deltakere i forskningsprosjekt
Krav til forkunnskapar
Bachelorgrad i medievitskap eller tilsvarande
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar ved masterprogrammet i medievitskap. Etter søknad kan studentar ved andre masterprogram få tilgang til emnet.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Førelesingar og/eller seminar.
Ca. 16-20 timar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ein munnleg presentasjon og ei framlegging av skriftleg oppgåve.