Emner: MEVI347 Demokratisk kultur - Vår 2014




Undervisningssemester

Uregelrett

 

Mål og innhald

Eit sentralt tema for seminaret er forholdet mellom den kulturelle offentlighet, dvs. kunst og alle typar populærkultur, måten desse inngår i sosiale praksisar og vert underlagt tolkingsaktivitetar av ulike slag, og den politiske offentlighet. Kvifor er kultur politisk viktig? Kva karakteriserer demokratiets kultur? Korleis vert politiske prosessar og politisk diskusjon påverka av endringar innan kunstfeltet, innan populærkulturen og innan medie- og kommunikasjonssektoren?

Sjølv om omgrepet om offentlighet står sentralt i dei fleste demokratiteoriar, og særleg i dei som vektlegg viktigheten av politisk debatt og deliberasjon, så består ikkje den offentlege sfære berre av politiske institusjonar og praktisk-politisk språkbruk. Den inkluderer også ein kulturell del med kunst og populærkultur så vel som kulturelle aktivitetar frå sport til religionsutøving, og der kulturproduksjon og -aktvitetar vert omtala og reflektert over på mange ulike måtar. Den kulturelle offentlighet er, når vi talar om volum, den heilt dominerande delen av offentligheten sett som heilskap, og den står heilt sentralt i danninga av identitetar og i medborgarane si kvardagsoppleving av å leva i deit demokrati. Spørsmålet er: Korleis påverkar den kulturelle offentligheten danninga av politisk opinion, og korleis påverkar den formene, rammene og vilkåra for politisk kommunikasjon og debatt?

Seminaret tar utgangspunkt i ei forståing av politisk deltaking som eit kulturelt fenomen, sprunge ut av ei form for identifikasjon med geografiske område, tema og institusjonar på måtar som gjer det meiningsfullt å engasjera seg personleg. Derfor er kunnskap om forholdet mellom den kulturelle og den politiske offentelege sfæren heilt avgjerande for å forstå medborgarleg deltaking i politiske prosessar. Gjennom seminaret ønskjer vi å kasta lys over

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Forelesninger

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Seminarinnlegg. Innlegg kan vera anten skriftlege eller munnlege etter faglærers valg. Formen informeres om ved kursstart.

Vurderingsformer

Emneoppgave eller én ukes hjemmeeksamen