Emner: MEVI350 Masteroppgave i medievitenskap - Vår 2018




Undervisningsspråk

Norsk

Mål og innhald

I utviklinga av masteroppgåva øvast du opp til sjølvstendig vitskapleg arbeid og framstilling. Masteroppgåva skal handle om eit tema som er relevant for medievitskap.

Masteroppgåva er eit skriftleg arbeid på om lag 80 sider/om lag 32000 ord. Masteroppgåva skal kunna gjennomførast med eitt års heiltidsarbeid, og gjev ei utteljing på 60 studiepoeng. Instituttet har utarbeidd ein rettleiingskontrakt som skal underskrivast av student og rettleiar, og som klargjer rettar og plikter for begge partar. Oppgåva er eit sjølvstendig forskingsarbeid skrive under rettleiing. Dette betyr at vurderingskriteriane er dei same som ved vurdering av vitskapleg kvalitet elles, i lys av omfangsavgrensing og tidsramme for arbeidet.

Krav til vitskapleg framstilling inneber at masteroppgåva må a) innehalda rimeleg klart formulerte problemstillingar, b) demonstrera evne til oversiktleg og samanhengande framstilling, c) demonstrera kjennskap til hovudtrekk ved relevant forsking på feltet, d) innehalda analyse, argumentasjon og dokumentasjon i tråd med problemstillingane i oppgåva, e) eksplisera og gjera greie for eigne teoretiske og metodiske hovudval, som skal vera adekvate ut frå problemstillingane og f) demonstrera forståing av sentrale omgrep og konsistent bruk av desse i framstillinga.  

Tittel på masteroppgåva vert synt på vitnemålet.

Læringsutbyte

Etter avslutta masteroppgåve vil studenten ha demonstrert evne til

Krav til forkunnskapar

MEVI300 og tre valfrie emne på kursdelen.

Krav til studierett

Emnet er reservert studentar på masterprogrammet i medievitskap.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisning og individuell rettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Vurderingsformer

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Masteroppgåva skal leverast i fjerde semester og det er følgjande faste fristar: 1.februar, 1.juni, 1.september, 1.desember. Masteroppgåva skal leverast via gjeldande tekniske løysing.

Kontaktinformasjon

studieveileder@media.uib.no