Emner: MIX102 Webdesign og prosjektarbeid - Vår 2018




Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Media City Bergen

Mål og innhald

Emnet knytt saman tema frå INFO134 og INFO262, og sett desse inn i konteksten av medie- og interaksjonsdesign. Målet med emnet er å gjennomføre praktiske oppgåver som gjer erfaring med medieorientert interaksjonsdesign. Emnet er delt inn i to modular:

Modul 1 handlar om webdesign og grafisk design og korleis dette kan nyttast for å støtte effektiv og relevant interaksjon.

Modul 2 knytt interaksjonsdesign, programmering og grafisk design saman gjennom eit gruppeprosjekt der studentane lagar ein applikasjon som demonstrerer dugleikar innan dei tre områda.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte, definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Studenten

Ferdigheiter:

Studenten

Generell kompetanse:

Studenten

Tilrådde forkunnskapar

MEPRO100, MIX101

Studiepoengsreduksjon

MIX102 har ein reduksjon på ti (10) studiepoeng i kombinasjon med MIX104.

Krav til studierett

Reservert for studentar på bachelorprogram i medie- og interaksjonsdesign.

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesingar, instruksjon/lab og workshop.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

To obligatoriske praktiske oppgåver innan webdesign.

Det er obligatorisk deltaking i all organisert undervisning.

Godkjente obligatoriske krav har ingen tidsavgrensing.

Vurderingsformer

Mappevurdering:

Gruppeoppgåva og den skriftlege oppgåva må avleggast i same semester, og berre i undervisningssemester. Unntaket er dersom ein stryker på den skriftlege oppgåva eller av tvingande velferdsårsakar ikkje kan gjennomføre den skriftlege oppgåva, så kan ein få moglegheit til å levere denne i påfølgande semester. Ved tvingande velferdsårsakar må studiekonsulent kontaktast.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Vår

Studentar med godkjende obligatoriske arbeidskrav kan gå opp til eksamen i det følgjande semesteret

Emneevaluering

Emnet blir evaluert av studentane kvart tredje år, av faglærar kvart år

Programansvarleg

Programstyret ved Institutt for informasjons- og medievitskap

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitskap

Kontaktinformasjon

studieveileder.praktiskinfomedia@uib.no

Institutt

Institutt for informasjons- og medievitskap