Norsk
Målet med emnet er å presentere studenten for utfordringar knytte til design av system og grenseflatar som støttar medieprodusentar i deira arbeid. Døme er brukarvenlege og brukarorienterte løysingar som hjelper journalistar å navigere store datamengder, applikasjonar som støttar journalistar i felten, og grenseflatar for kollaborativ nyhendeskriving.
Studentane vil tidleg i semesteret bli introdusert til teori og metode knytt til medieproduksjonsstudiar, datastøtta samarbeid og arbeidsplasstudiar. Deretter vil dei i grupper bli utplassert hos ei mediebedrift kor dei utfører eit feltarbeid som lærer dei selskapets rutinar, arbeidsprosessar, verktøy og interaksjonsløysingar. I løpet av praksisperioden observerer studentane arbeidarane, og intervjuar dei om praksisane og erfaringane deira. Deretter lagar studentane ein prototype som hjelper medieprodusentane i arbeidet, og skriv ei tilhøyrande oppgåve der dei evaluerer og argumenterer for designvala sine.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte, definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
Ferdigheiter
Studenten
Generell kompetanse
Studenten
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen
Haust
Studentar med godkjende obligatoriske arbeidskrav kan gå opp til eksamen i det følgjande semesteret.
Institutt for informasjons- og medievitskap