Emner: MIX203 Design for medieproduksjon - Vår 2018




Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Media City Bergen

Mål og innhald

Målet med emnet er å presentere studenten for utfordringar knytte til design av system og grenseflatar som støttar medieprodusentar i deira arbeid. Døme er brukarvenlege og brukarorienterte løysingar som hjelper journalistar å navigere store datamengder, applikasjonar som støttar journalistar i felten, og grenseflatar for kollaborativ nyhendeskriving.

Studentane vil tidleg i semesteret bli introdusert til teori og metode knytt til medieproduksjonsstudiar, datastøtta samarbeid og arbeidsplasstudiar. Deretter vil dei i grupper bli utplassert hos ei mediebedrift kor dei utfører eit feltarbeid som lærer dei selskapets rutinar, arbeidsprosessar, verktøy og interaksjonsløysingar. I løpet av praksisperioden observerer studentane arbeidarane, og intervjuar dei om praksisane og erfaringane deira. Deretter lagar studentane ein prototype som hjelper medieprodusentane i arbeidet, og skriv ei tilhøyrande oppgåve der dei evaluerer og argumenterer for designvala sine.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte, definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

Ferdigheiter

Studenten

Generell kompetanse

Studenten

Krav til forkunnskapar

Krav til studierett

Bachelorprogram i medie- og interaksjonsdesign

Arbeids- og undervisningsformer

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen

Vurderingsformer

Mappevurdering. Mappa skal bestå av:
  1. Emneoppgåve: Studentane vel éi av dei obligatoriske oppgåvene som dei vidareutviklar og inkluderer som endeleg innlevering i mappa. Den endelege oppgåva skal vere på mellom 3500-4500 ord.
  2. Individuell oppgåve: Studentane skriv i tillegg ei individuell oppgåve på mellom 3500-4500 der dei evaluerer og argumenterer for designvala tatt i utviklinga av prototypen. Prototypen frå modul 3 skal leggjast ved, men blir ikkje karaktersatt.
  3. Refleksjonsnotat: Mappa skal òg inkludere eit refleksjonsnotat på 2500-3000 ord der studentane reflekterer over kva dei har lært av det samla arbeidet i mappa.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Haust

Emneevaluering

Emnet blir evaluert av studentane kvart tredje år, av faglærar kvart år

Programansvarleg

Programstyret ved Institutt for informasjons- og medievitskap

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitskap

Kontaktinformasjon

studieveileder.praktiskinfomedia@uib.no

Institutt

Institutt for informasjons- og medievitskap