Norsk
Emnet er eit introduksjonsemne til masterprogrammet i medie- og interaksjonsdesign. Målet med emnet er
å gi studentane kritisk og kreativ kunnskap om avanserte medieteknologiske konsept og system.
Undervisninga i dette emnet vil fokusere på eit teknologisk konsept (til dømes visualisering, kunstig intelligens, eller 3D-modellering) som vil fungere som eit case gjennom semesteret. Studentane skal fordjupe seg i og diskutere teknologifilosofi som setter den utvalgde teknologien i ulike perspektiv, og dei skal utforske og eksperimentere praktisk med den aktuelle teknologien med mål om å utvikle nye applikasjonsområder for denne.
Gjennom teoretisk innsikt skal studentane bli i stand til å utfordre måten man nyttar teknologien på i dag, og gjennom praktiske øvingar knytt opp til moderne metodar for programvareutvikling vil studentane bli i stand til å designe og utvikle nye måtar å nytte den aktuelle teknologien på.
Emnet er workshopbasert, og workshoppane integrerer teori og praksis.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte:
Kunnskap
Studenten
Dugleikar
Studenten
Generell kompetanse
Studenten
Studentane skal gje ein 10 minutt munnleg presentasjon der dei diskuterer case-teknologien med utgangspunkt i eit av dei teoretiske perspektiva og levere inn minimum to (2) oppgåver.
Dei obligatoriske krava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.
Godkjente obligatoriske krav har ingen tidsavgrensing.
Institutt for informasjons- og medievitskap