Emner: MIX302 Forskningsdesign og feltstudier - Høst 2018




Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk og engelsk

 

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Media City Bergen

Mål og innhald

Målet med emnet er å gi studentane den teoretiske, metodiske og praktiske kunnskapen om korleis gjennomføre eit individuelt eller kollaborativt masterprosjekt knytt til mediedesign og interaksjonsdesign for media.

Emnet fokuserer på forskingsdesign og blir organisert som ein serie av workshops som saman skal lede til utviklinga av ei prosjektskildring for masterprosjektet. Emnet vil gi innsikt i tenkjemåtar knytt til innovasjon, programvareutvikling og mediedesign, og vil ta for seg korleis integrere innovasjonstenking og kollaborasjon i sine eigne masterprosjekt.

Som del av prosjektutviklinga, får studentane erfaring med metodar for å utføre feltstudiar knytt til deira eiga prosjekt. Studentane diskuterer etnografiske og sosiologiske perspektiv frå medieproduksjonsforsking og datastøtta samhandling (Computer Supported Cooperative Work), og utfører eit etnografisk orientert feltstudium som hjelpar dei med å forstå målgruppane for deira prosjekt eller brukaropplevinga ved liknande produkt. Som del av emnet vil studentane òg få trening i å bruke observasjonslab.

Eksamen i emnet er ei individuell prosjektskildring. I dei tilfelle der studentane ønskjer å samarbeide om eit masterprosjekt, leverer dei kvar si prosjektskildring som skildrar korleis dei ulike delprosjekta heng saman.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte, definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

Ferdigheiter

Studenten

Generell kompetanse

Studenten

Krav til forkunnskapar

MIX301

Studiepoengsreduksjon

MIX302 får ein reduksjon på 10 studiepoeng i kombinasjon med kvart av følgjande emne:

Krav til studierett

Masterprogram i medie- og interaksjonsdesign

Arbeids- og undervisningsformer

Seminar, workshops, og rettleiing, om lag 4-6 timar kvar veke i 12-14 veker

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.

Godkjente obligatoriske krav har ingen tidsavgrensing.

Vurderingsformer

Prosjektskisse (5000-7000 ord)

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Emneevaluering

Emnet blir evaluert av studentane kvart tredje år, av faglærar kvart år

Programansvarleg

Programrådet ved Institutt for informasjons- og medievitskap

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitskap

Kontaktinformasjon

studieveileder.praktiskinfomedia@uib.no

Institutt

Institutt for informasjons- og medievitskap