Emner: MIX302 Forskningsdesign og feltstudier - Vår 2018




Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Media City Bergen

Mål og innhald

Målet med emnet er å gi studentane den metodiske og praktiske kunnskapen dei treng for utviklinga av eit individuelt eller kollaborativt masterprosjekt knytt til mediedesign og interaksjonsdesign for media.

Modul 1: Forskingsdesign blir organisert som ein serie av workshops gjennom heile semesteret. I ein introduserande workshop får studentane innsikt i krava til prosjektskildringa og prosjektdesignet, og lærer korleis dei skal utvikle og organisere sitt eiget masterprosjekt så vel som profesjonelle prosjekter. Dei vil òg diskutere prosjektorganisering, kollaborasjon og samarbeid, og korleis integrere innovasjonstenking i sine eigne masterprosjekt.

I arbeidet med å designe og utvikle masterprosjekta har studentane tilgang til å utforske og eksperimentere med utstyr og lokalar. Der møter studentane instruktør og medstudentar annakvar veke gjennom heile semesteret for intensive workshops kring konsept- og prosjektutvikling. Møta inkluderer å få og gi tilbakemelding på medstudentane sine konsept og utkast. Mellom møta held studentane fram med å utvikle prosjekta individuelt eller i grupper, og leverer til slutt ei felles prosjektskildring kor kvar student sitt bidrag inn i prosjektet er spesifisert.

Modul 2: Feltstudiar innan samhandling med medieteknologi gir studentane teoretisk og praktisk erfaring med metodar for å utføre feltstudiar i ein mediekontekst. Studentane diskuterer etnografiske og sosiologiske perspektiv frå medieproduksjonsforsking og datastøtta samhandling (Computer Supported Cooperative Work), og utfører eit etnografisk orientert feltstudium knytt til eit gitt medium, kor dei arbeider i grupper som utforskar brukaropplevingar med eit utval utdaterte, eksisterande, eller innovative medieprodukt. Det utvalde casestudiet kan vere ein profesjonell medieorganisasjon eller ein enkeltperson sine vanar som mediebrukar. Modulen vil òg handle om korleis feltstudiar kan vere ein del av designet og evalueringa av medieteknologi.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte, definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

Ferdigheiter

Studenten

Generell kompetanse

Studenten

Krav til forkunnskapar

MIX301

Studiepoengsreduksjon

MIX302 får ein reduksjon på 10 studiepoeng i kombinasjon med kvart av følgjande emne:

Krav til studierett

Reservert for studentar med studierett innan masterprogram i medie- og interaksjonsdesign

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesing, instruksjon/lab, frukostseminar og workshop (om lag 180 t)

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Modul 1:

Modul 2:

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.

Godkjente obligatoriske krav har ingen tidsavgrensing.

Vurderingsformer

Modul 1: Prosjektskisse (5000-7000 ord). Blir vekta 50%.

Modul 2: Emneoppgåve knytt til feltarbeidet i modul 2 og som skildrar sentrale aspekt ved brukaropplevinga ut frå eit etnografisk perspektiv (5000-7000 ord). Blir vekta 50%.

Alle vurderingsdeler må avlegges samme semester. Ved stryk i en eller flere vurderingsdeler må alle deler tas på nytt ved et eventuelt nytt vurderingsforsøk.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Vår

Emneevaluering

Emnet blir evaluert av studentane kvart tredje år, av faglærar kvart år

Programansvarleg

Programstyret ved Institutt for informasjons- og medievitskap

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitskap

Kontaktinformasjon

studieveileder.praktiskinfomedia@uib.no

Institutt

Institutt for informasjons- og medievitskap