Emner: MNF110 Miljø, klima og menneskets historie - Vår 2018




Undervisningsspråk

Norsk/Engelsk

Undervisningssemester

Vår. Emnet blir ikkje undervist vår 2019.

 

Frist for å melde seg til undervising i emnet er torsdag i veke 2 for vårsemesteret. Du får svar på om du har fått plass på emnet på https://fsweb.no/studentweb/login.jsfStudentweb seinast tysdag veka etter fristen.

 

Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen på nettsida til emnet eller på https://mitt.uib.no/login/ldapMitt UiB.

Mål og innhald

Menneske har omforma naturomgjevnadene sine i tusental av år gjennom å dyrke jorda og domestisere plantar og dyr. Menneskeheita sin påverknad på dei naturlege prosessane til planeten har dei siste 200 åra vore så massiv at den holocene epoken i etteristida har teke slutt. Vi lever no i den anthropocene epoken, med masseutrydding av dyreartar, klimaendringar og fysiske endringar i jordas overflate. Emnet diskuterer korleis geografiske faktorar, miljøforhold, samfunnsforhold og ulik tilgang på ressursar har ført til desse endringane og peikar på løysingar for eit grønt skifte og ei berekraftig utvikling. Emnet fokuserer særskilt på konsekvensane av domestisering av plantar, dyr og landskap, samt konsekvensane ulike former for energiutnytting har hatt på utvikling og endring av natur og samfunn. Resiliens og berekraft i sosio-økologiske system er sentrale omgrep i emnet.

 

 

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar

Studenten:

 

Ferdigheiter

Studenten:

 

Generell kompetanse

Studenten:

 

Krav til studierett

Emnet er opent for studenter frå alle fakultet. Studentar som har emnet som obligatorisk eller tilrådd i sin studieplan vil bli gitt prioritet ved kapasitetsproblem.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjend obligatorisk aktivitet er gyldig i 6 semester, inkludert semesteret aktiviteten vart fullført i. Den obligatoriske aktiviteten må vere bestått for å kunne gå opp til eksamen.

Vurderingsformer

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er http://www.uib.no/student/86719/digital-eksamendigital eksamen i både vår- og haustsemesteret. I semester utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringar av emnet finn du i https://kvalitetsbasen.app.uib.no/?year 17&faknr&instnr`Studiekvalitetsdatabasen.

Kontaktinformasjon

Kontakt Studieseksjonen ved Institutt for biovitenskap: studie@bio.uib.no