Emner: MOB103 Musikklære og musikkteknologi I - Høst 2014




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

 

Undervisningsstad

Ole Bull Akademiet, Voss

 

Mål og innhald

Emnet omfattar innføringskurs i folkemusikkretta notelære og høyrelære, analyse av folkemusikkmateriale og bruk av musikkteknologi.

 

Læringsutbyte

 

Krav til forkunnskapar

Greidd opptaksprøve ved Ole Bull Akademiet og generell studiekompetanse.

 

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Note- og høyrelære, analyse: gruppeundervisning med øvingsoppgåver. Musikkteknologi: gruppeundervisning med praktiske øvingar i bruk av datamaskin til musikkprogramvare, noteskriveprogram, sequencar og grunnleggjande MIDI, studioarbeid og bruk av PA-utstyr.

 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Gruppeundervisninga er obligatorisk med krav om minimum 80% frammøte, dersom ikkje anna er nemnt. Studenten si deltaking i obligatoriske faglege aktivitetar skal vurderast som godkjend/ikkje godkjend før avsluttande eksamen. Godkjend obligatorisk arbeid er gyldig i to semester etter ordinært eksamenstidspunkt.

 

Vurderingsformer

Munnleg/praktisk prøve i høyrelære. Skriftleg prøve på 4 timar i analyse.

 

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen greidd/ikkje greidd nytta.

 

Emneevaluering

Studentane skal gje ei skriftleg eller munnleg evaluering av opplegg og undervisning i emnet ved slutten av kvart semester. Leiinga av studiet skal ta omsyn til desse evalueringane ved vidare planleggjing.

 

Kontaktinformasjon

For meir informasjon, ta kontakt med Ole Bull Akademiet, 56 51 65 00, oba@olebull.no