Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.
Ole Bull Akademiet, Voss
Mål:
Emnet har som mål å auke kjennskapen til norsk tradisjonsmusikk og dei viktigaste kjeldene for arkivering og formidling av denne.
Innhald:
Emnet omfattar:
- oversyn over folkemusikktradisjonar i Noreg
- kunnskap om folkemusikkarkiv og andre aktuelle kjelder til kunnskap om tradisjonsmusikken
- feltarbeid med innsamling av tradisjonsmusikk.
Som førebuing til eksamenspresentasjonen skal studentane samle stoff om eit avgrensa felt innanfor folkemusikktradisjonen, som dei kan arbeide vidare med i MOB107 Tradisjonskunnskap 2 i 2. studieår.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten ..
* har kunnskap om dei viktigaste folkemusikktradisjonane i Noreg og ulike kjelder til tradisjonsmusikken
* har oversikt over kvar folkemusikkarkiva
finst og kva dei inneheld, og har kunnskap om kva dette materialet kan fortelje oss,
og kva det ikkje kan fortelje
* har kjennskap til kva som er mogleg å ta ut
av musikk og tradisjonsstoff ved hjelp av notar, manuskript, lyd- og biletfesta materiale
* kjenner til klassifikasjonssystema i folkemusikkarkiva, informanten sine rettar, etikk og reglar ved bruk av arkivmateriale.
Ferdigheiter
Studenten ..
* kan finne fram til og bruke arkivstoff med hjelp av katalogar i arkiva, og
kan gjere feltarbeid med opptak og katalogisere opptaka
* meistrer rutinar for føring av opptaksprotokoll og førebuing til feltarbeid
Generell kompetanse
Studenten ..
* kan samle stoff om eit avgrensa felt innanfor eit fagområde og presentere dette munnleg.
Greidd opptaksprøve ved Ole Bull Akademiet og generell studiekompetanse.
Studenten skal tidleg i studieåret velje eit avgrensa felt innanfor tradisjonsmusikken, samle stoff om dette frå arkiv, feltarbeid eller andre kjelder, og ved slutten av studieåret leggje det fram munnleg (sjå under vurdering).
All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjende før eksamen.
Godkjende obligatorisk arbeidskrav er gyldige i to semester etter gjennomføring.
Vurderinga omfattar to delar som vert vekta likt:
1. Ein munnleg presentasjon på 20 minutt med musikkeksempel, sjølvvalt emne
2. 4 timar skuleeksamen
Intern sensur med minst to sensorar.
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Studierettleiar kan kontaktast her:
studieveileder@kmd.uib.no
Tlf 55 58 69 50
Ole Bull Akademiet kan kontaktast her:
oba@olebull.no
Tlf 56 51 65 00