Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.
Ole Bull Akademiet, Voss
Emnet omfattar:
- Oversyn over folkemusikktradisjonar i Noreg
- Kunnskap om folkemusikkarkiv og andre aktuelle kjelder til kunnskap om tradisjonsmusikken
- Feltarbeid med innsamling av tradisjonsmusikk.
Som førebuing til eksamenspresentasjonen skal studentane samle stoff om eit avgrensa felt innanfor folkemusikktradisjonen, som dei kan arbeide vidare med i MOB107 / Tradisjonskunnskap 2 i 2. studieår.
Studentar som har fullført emnet skal ha følgjande læringsutbyte:
Kunnskapar:
Studenten skal ha kunnskap om dei viktigaste folkemusikktradisjonane i Noreg og ulike kjelder til tradisjonsmusikken. Studenten skal ha oversikt over kvar folkemusikkarkiva finst og kva dei inneheld, og ha kunnskap om kva kan dette materialet kan fortelje oss, og kva det ikkje kan fortelje. Studentane skal ha kjennskap til kva som er mogeleg å ta ut av musikk og tradisjonsstoff ved hjelp av notar, manuskript, lyd- og biletfesta materiale, og kjenne til klassifikasjonssystema i folkemusikkarkiva, informanten sine rettar, etikk og reglar ved bruk av arkivmateriale.
Ferdigheiter:
Studenten skal kunne finne fram til og bruke arkivstoff med hjelp av katalogar i arkiva, og kunne gjere feltarbeid med opptak og katalogisere opptaka. Studenten skal meistre rutinar for føring av opptaksprotokoll og førebuing til feltarbeid.
Generell kompetanse:
Studenten skal kunne samle stoff om eit avgrensa felt innanfor eit fagområde og presentere dette munnleg.
Greidd opptaksprøve ved Ole Bull Akademiet og generell studiekompetanse.
Førelesingar og praktisk rettleiing
Studenten skal tidleg i studieåret velje eit avgrensa felt innanfor tradisjonsmusikken, samle stoff om dette frå arkiv, feltarbeid eller andre kjelder, og ved slutten av studieåret leggje det fram munnleg (sjå under vurdering).
All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjende før eksamen.
Godkjende obligatorisk arbeidskrav er gyldige i to semester etter gjennomføring.
Vurderinga omfattar to delar som vert vekta likt:
1. Ein munnleg presentasjon på 20 minutt med musikkeksempel, sjølvvalt emne
2. 4 timar skuleeksamen
Intern sensur med minst to sensorar.
Ved sensur av emnet blir karakterskalaen greidd/ikkje greidd nytta.
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.