Bachelor
Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.
Ole Bull Akademiet, Voss
Emnet omfattar:
Studentar som har fullført emnet skal ha følgjande læringsutbyte:
Kunnskapar:
Studenten skal vise god forståing av grunnleggjande musikkteoretiske og musikkhistoriske omgrep, og knyte desse omgrepa til konkret musikkoppleving. Studenten skal ha god kunnskap om stiltrekk i tradisjonsmusikken. Vokalstudentar skal ha kunnskap om sjangeranalyse og tekstforståing.
Ferdigheiter:
Studenten skal kunne bruke analyseteknikkar retta mot rytmikk, tonalitet, form og variasjonsproblematikk, og gjere enkle transkripsjonar av folkemusikkmateriale.
Generell kompetanse:
Studenten skal kunne produsere enkel musikalsk notasjon, og bruke slik notasjon i analytisk arbeid.
Greidd eksamen i emnet MOB106 Musikkteori folkemusikk 1.
All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjende før eksamen.
Godkjende obligatorisk arbeidskrav er gyldige i to semester etter gjennomføring.
Vurderinga omfattar to delar som vert vekta likt:
- Munnleg/praktisk prøve i høyrelære.
- 5 timar skuleeksamen i musikklære, transkripsjon og analyse.
Intern sensur med minst to sensorar.
Ved sensur av emnet blir karakterskalaen greidd/ikkje greidd nytta.
Griegakademiet - Institutt for musikk.
For meir informasjon, ta kontakt med Ole Bull Akademiet, 56 51 65 00, oba@olebull.no