Emner: MOB202 Musikklære og musikkteknologi II - Vår 2014




Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningsstad

Ole Bull Akademiet, Voss

Mål og innhald

Emnet startar på eit nivå som tilsvarar eksamen i MOB103 / Musikklære og musikkteknologi I, og omfattar høyrelære (med døme frå både folkemusikk og andre sjangrar), grunnleggjande arrangering, og arbeid med musikkteknologi. Desse disiplinane kan integrerast dersom tilhøva ligg til rette.

Læringsutbyte

Høyrelære:

Etter fullført emne skal studentane vere medvetne om musikalske grunnelement i folkemusikk og andre sjangrar, og skal ha utvikla eit omgrepsgrunnlag som dei kan nytte i analyse og arrangering. Etter den praktiske treninga i emnet skal dei kunne samanlikne folkemusikalske trekk, som t d ikkje-temperert tonalitet og asymmetrisk takt, med trekk frå andre sjangrar.

Arrangering:

Etter fullført emne skal studentane kunne nytte ulike arrangeringsteknikkar, med utgangspunkt i både folkemusikk, andre sjangrar og element frå tradisjonell satslære. Studentane skal ha eit grunnlag for å bruke noteskrift eller andre aktuelle notasjonsformer som reiskap i arrangering, i tillegg til gehørbasert arbeid. Dei skal ha kunnskap om verkemåten til relevante instrumentgrupper.

Musikkteknologi:

Etter fullført emne skal studentane kunne ivareta musikalske omsyn i val av teknologiske løysingar i samband med sceneframføringar og opptak, og kunne nytte musikk- og noteprogramvare som tenlege hjelpemiddel i arrangering, framføring og notasjon.

Tilrådde forkunnskapar

Emnet byggjer på MOB103 / Musikklære og musikkteknologi I, eller tilsvarande.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Gruppeundervisning, med individuelle oppgåver i arrangering og praktisk rettleiing i musikkteknologi.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Gruppeundervisninga er obligatorisk med minimum 80% frammøte, dersom ikkje anna er nemnt. Studenten si deltaking i obligatoriske faglege aktivitetar skal vurderast som godkjend/ikkje godkjend før avsluttande eksamen. Godkjend obligatorisk arbeid er gyldig i to semester etter ordinært eksamenstidspunkt.

Vurderingsformer

Høyrelære: munnleg/praktisk prøve. Arrangering: Skriftleg heimeoppgåve som vert delt ut i slutten av semesteret og levert inn til faglærar etter 7 dagar. Omfang: Minst 3 notesider.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen greidd/ikkje greidd nytta.

Emneevaluering

Studentane skal gje ei skriftleg eller munnleg evaluering av opplegg og undervisning i emnet ved slutten av semesteret. Leiinga av studiet skal ta omsyn til desse evalueringane ved vidare planleggjing.

Kontaktinformasjon

For meir informasjon, ta kontakt med Ole Bull Akademiet, 56 51 65 00, oba@olebull.no.