Emner: MOB203 Stil, sjanger og tradisjon - Høst 2014




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningsstad

Ole Bull Akademiet, Voss

Mål og innhald

Emnet omfattar etnomusikologisk og historisk kunnskap om nordisk tradisjonsmusikk, med sideblikk til andre europeiske tradisjonar. Ei kort orientering om folkemusikkforsking i dei nordiske landa inngår. Hovudvekta blir lagt på å identifisere viktige stilsjikt i det nordiske materialet, og på instrumental og vokal praksis i ulike periodar og sjangrar, ikkje minst når det gjeld samspelsformer. Omgrepa stil, sjanger og tradisjon skal drøftast og problematiserast, og det skal undersøkjast kva vi veit om den historiske utviklinga av ulike stiltrekk fram til i dag. Døme på ulike måtar å formidle folkemusikk på i nordiske tradisjonar kan stimulere til å utvikle studentane si eiga formidling. Nokre musikkdøme vil bli innstudert instrumentalt/vokalt av studentane.

 

Læringsutbyte

Studentar som har fullføt emnet skal ha følgjande læringsutbyte:

Kunnskapar:

Studenten skal ha fordjupa kunnskap om nordisk tradisjonsmusikk, og kunne sjå kva plass den eigne tradisjonen har i ein større samanheng. Studenten skal ha kunnskap om eldre og nyare samspelsformer, og om retningar som har vakse fram når det gjeld arrangering og sjangereksperimentering.

Ferdigheiter:

Studenten skal kunne spele/syngje nokre døme på tradisjonsmusikk frå andre nordiske land, og kunne bruke kunnskapen om stiltrekk i det tradisjonelle materialet i kreativt arbeid med arrangering og samspel.

Generell kompetanse:

Studenten skal vise evne til å setje seg inn i faglitteratur og musikkdøme frå eit breitt fagområde, og til å leggje fram sentrale problemstillingar i skriftleg form.

Tilrådde forkunnskapar

Emnet byggjer på MOB107 Tradisjonskunnskap 2 eller tilsvarande kunnskapar.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

 Undervisninga blir gjeven som førelesingar og seminar.

 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjende før eksamen.

 

Vurderingsformer

Skriftleg skuleeksamen på 5 timar.

 

 

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen greidd/ikkje greidd nytta.

Litteraturliste

Det blir lagt opp eit felles litteratur- og lyttepensum.

 

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergens kvalitetssikringssystem.

 

Kontaktinformasjon

For meir informasjon, ta kontakt med Ole Bull Akademiet, 56 51 65 00, oba@olebull.no