Emner: MOB203 Stil, sjanger og tradisjon - Vår 2014




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningsstad

Ole Bull Akademiet, Voss

Mål og innhald

Emnet omfattar etnomusikologisk og historisk kunnskap om nordisk tradisjonsmusikk, med sideblikk til andre europeiske tradisjonar. Hovudvekta blir lagt på å identifisere viktige stilsjikt i det nordiske materialet, og på instrumental og vokal praksis i ulike periodar og sjangrar, ikkje minst når det gjeld samspelsformer. Omgrepa stil, sjanger og tradisjon skal drøftast og problematiserast, og det skal undersøkjast kva vi veit om den historiske utviklinga av ulike stiltrekk fram til i dag. Døme på ulike måtar å formidle folkemusikk på i nordiske tradisjonar kan stimulere til å utvikle studentane si eiga formidling.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studentane ha fordjupa kunnskap om nordisk tradisjonsmusikk, og kunne sjå kva plass den eigne tradisjonen har i ein større samanheng. Dei skal ha kunnskap om eldre og nyare samspelsformer, og om retningar som har vakse fram når det gjeld arrangering og sjangereksperimentering. Studentane skal ha kunnskap om stiltrekk i det tradisjonelle materialet som kan vere utgangspunkt for kreativt arbeid med arrangering og samspel.

Tilrådde forkunnskapar

Emnet byggjer på MOB104 / Folkemusikkteori eller tilsvarande kunnskapar.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga blir gjeven som førelesingar og seminar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen på 5 timar.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen greidd/ikkje greidd nytta.

Litteraturliste

Det blir lagt opp eit felles litteraturpensum.

Emneevaluering

Studentane skal gje ei skriftleg eller munnleg evaluering av opplegg og undervisning i emnet ved slutten av kvart semester. Leiinga av studiet skal ta omsyn til desse evalueringane ved vidare planleggjing.

Kontaktinformasjon

For meir informasjon, ta kontakt med Ole Bull Akademiet, 56 51 65 00, oba@olebull.no