Emner: MOB204 Utøving tilleggsemne - Høst 2014




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningsstad

Ole Bull Akademiet, Voss

Mål og innhald

Studenten kan her velje å styrke arbeidet i anten bi-instrument eller samspel (emne MOB201). Innanfor begge desse vala er det høve til å inkludere noko arbeid med andre sjangrar enn folkemusikk, og noko arbeid med relevant musikkteknologi. Studentar som vel samspel skal prioritere fordjupa arbeid med arrangeringsteknikkar etter eige val og i samråd med rettleiar.

Emnet er del av Tradisjonsmusikk II, som utgjer dei 2 siste studieåra av bachelorprogrammet i tradisjonsmusikk ved Ole Bull Akademiet.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studentar som har valt å styrke bi-instrument, kunne utøve folkemusikk på instrumentet/-a med god teknisk og musikalsk dugleik i solo og/eller samspel. Studentar som har valt å styrke samspel skal kunne nytte eit utval arrangeringsteknikkar i samspelssamanheng.

Krav til forkunnskapar

Emnet er tilgjengeleg for studentar som har gjennomført og greidd emnet MOB230 / Folkemusikkutøving 3.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Studenten skal arbeide sjølvstendig under rettleiing, og det blir gjeve noko individuell instrumental/vokalundervisning eller rettleiing i arrangering.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Individuell undervisning og rettleiing er obligatorisk med krav om minimum 80% frammøte, dersom ikkje anna er nemnt. Studenten skal i starten av studieåret levere inn ein arbeidsplan som skal godkjennast av faglærar.

Studenten si deltaking i obligatoriske faglege aktivitetar skal vurderast som godkjend/ikkje godkjend før avsluttande eksamen. Godkjend obligatorisk arbeid er gyldig i to semester etter ordinært eksamenstidspunkt.

Vurderingsformer

Konsertprogram på 15 minutt som skal framførast i samanheng med eksamenskonserten i emne MOB231 / Folkemusikkutøving 4, og vurderast av den same eksamenskommisjonen. Studentar som vel biinstrument kan setje saman programmet av solo- og/eller samspelsstoff etter eige val.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen greidd/ikkje greidd nytta.

Emneevaluering

Studentane skal gje ei skriftleg eller munnleg evaluering av opplegg og undervisning i emnet ved slutten av studieåret. Leiinga av studiet skal ta omsyn til desse evalueringane ved vidare planleggjing.

Kontaktinformasjon

For meir informasjon, ta kontakt med Ole Bull Akademiet, 56 51 65 00, oba@olebull.no