Emner: MOB230 Folkemusikkutøving 3 - Høst 2014




Studiepoeng

30.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningsstad

Ole Bull Akademiet, Voss

Mål og innhald

Emnet skal utvikle vidare dugleik, kunnskapar og formidlingsevne i folkemusikkutøving som tilsvarar greidd eksamen i MOB121 / Folkemusikkutøving 2, og gje større breidd når det gjeld ulike tradisjonar. Arbeidet med hovud- og bi-instrument skal dels utvikle vidare det solistiske uttrykket til studentane, dels hjelpe dei til å bli allsidige musikarar, med større fleksibilitet i samspel og i møte med ulike oppgåver i musikklivet. Aktivitetane i samspel skal trene studentane i ulike slag samspels- og prosjektarbeidsformer som kan vere aktuelle i profesjonell samanheng. Studenten kan ha vidare fordjuping i solistisk utøving som hovudfokus, eller velje større vekt på samspel. 

Læringsutbyte

Studentar som har fullført emnet skal ha følgjande læringsutbyte:

Studenten skal ha opparbeidd eit høgare nivå når det gjeld tradisjonsforståing og repertoarkunnskap.

Ferdigheiter:

Studenten skal ha vidareutvikla det solistiske uttrykket sitt, og kunne utøve tradisjonsmusikk på eit høgare musikalsk og teknisk nivå, solo og i samspel.

Generell kompetanse:

Studenten skal kunne arbeide med gode resultat i ulike samspels- og prosjektarbeidsformer.

 

 

Krav til forkunnskapar

Emnet er tilgjengeleg for studentar som har gjennomført Tradisjonsmusikk I (dei 2 første åra av bachelorprogrammet i tradisjonsmusikk ved Ole Bull Akademiet), eller som har anna 2-årig, høgre utdanning som inkluderer minimum 15 stp. folkemusikkutøving og 15 stp. folkemusikkrelevant teori/støttefag. Det er opptaksprøve for eksterne søkjarar. Emnet byggjer på MOB121 Folkemusikkutøving 2 eller tilsvarande.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

1) Hovudinstrument: Individuell undervisning, og førelesingar eller seminar/workshops om utvalte tema.

 

2) Bi-instrument: Individuell undervisning. Kan erstattast med hovudinstrumenttimar dersom studenten tek bi-instrument som valemne.

 

3) Samspel: Gruppeundervisning, og prosjektarbeid med rettleiing. Utvalde problemstillingar vil bli tekne opp i førelesingar, på seminar eller workshops. Delar av undervisninga kan bli gitt som felles tilbod med studentar ved Griegakademiet ¿ Institutt for musikk, dersom det ligg til rette for det. Studenten kan velje større eller mindre vekt på samspel, sjå under vurderingsformer.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Individuell undervisning i hovud- og bi-instrument, førelesingar, seminar/workshops, gruppeundervisning, prosjektarbeid, og deltaking i studentkonsertar er obligatorisk. Undervisninga er obligatorisk med krav om minimum 80% frammøte, dersom ikkje anna er nemnt.

I eksamenssemesteret skal det leggjast fram ei repertoarliste på 45 minutt spel / song. Repertoarlista skal vere godkjend av faglærar og leverast inn til studieadministrasjonen innan ei veke før eksamenstidspunkt.

 

Studenten si deltaking i obligatoriske faglege aktivitetar skal vurderast som godkjend/ikkje godkjend før avsluttande eksamen.

 

Vurderingsformer

Eksamen er ei konsertframføring på 25 minutt. For studentar som vel større vekt på samspel skal 10 minutt av konserten vere samspel. Intern sensur med minst to sensorar.

 

 

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen greidd/ikkje greidd nytta.

Emneevaluering

 Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergens kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

For meir informasjon, ta kontakt med Ole Bull Akademiet, 56 51 65 00, oba@olebull.no