Emner: MOB230 Folkemusikkutøving 3 - Vår 2014




Studiepoeng

30.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningsstad

Ole Bull Akademiet, Voss

Mål og innhald

Emnet skal utvikle vidare dugleik, kunnskapar og formidlingsevne i folkemusikkutøving som tilsvarar greidd eksamen i MOB121 / Folkemusikkutøving 2, og gje større breidd når det gjeld samspel, bruk av ulike instrument og tradisjonar. Det blir lagt vekt på arrangeringsformer som byggjer på eit tradisjonelt grunnlag, og studiet får såleis eit perspektiv som er både bakover- og framoverretta. Emnet har to komponentar: 1)Hovud- og bi-instrument og 2) Samspel. Arbeidet med hovud- og bi-instrument skal dels utvikle vidare det solistiske uttrykket til studentane, dels hjelpe dei til å bli allsidige musikarar, med større fleksibilitet i samspel og i møte med ulike oppgåver i musikklivet. Aktivitetane i samspel skal trene studentane i ulike slag samspels- og prosjektarbeidsformer som kan vere aktuelle i profesjonell samanheng.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studentane ha vidareutvikla det solistiske uttrykket sitt, og kunne utøve tradisjonsmusikk på eit høgare nivå når det gjeld eigen dugleik, tradisjonsforståing og repertoarkunnskap. I samspel skal dei kunne arbeide med gode resultat i ulike samspels- og prosjektarbeidsformer.

Krav til forkunnskapar

Emnet er tilgjengeleg for studentar som har gjennomført Tradisjonsmusikk I, Spelemanns- og kvedarskulen (dei 2 første åra av bachelorprogrammet i tradisjonsmusikk ved Ole Bull Akademiet), eller som har anna 2-årig, høgre utdanning som inkluderer minimum 15 stp. folkemusikkutøving og 15 stp. folkemusikkrelevant teori/støttefag. Det er opptaksprøve for eksterne søkjarar. Emnet byggjer på MOB121 / Folkemusikktøving 2 eller tilsvarande.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

1) Hovud- og bi-instrument: Individuell undervisning, og førelesingar eller seminar/workshops om utvalte tema. Studenten kan etter søknad få velje meir enn eitt bi-instrument. Talet på individuelle undervisningstimar skal i utgangspunktet delast i 50% på hovudinstrumentet og 50% på bi-instrumentet/instrumenta, men det er rom for individuelle tilpassingar.

2) Samspel: Gruppeundervisning, og prosjektarbeid med rettleiing. Utvalde problemstillingar vil bli tekne opp i førelesingar, på seminar eller workshops. Hovuddelen er praktisk utprøving av ulike samspelsformer. Det blir nytta varierte arbeidsformer, som gehørsbasert arrangering, improvisasjon eller arrangement skrivne ut på notar. Arbeidet vil primært ta utgangspunkt i musikalske prinsipp og grunnelement i nordisk tradisjonsmusikk, og ein vil leggje vekt på arrangeringsformer og fleirstemte teknikkar som forsterkar og byggjer vidare på karakteristiske trekk i desse tradisjonane. Ved sida av dette vil det vere rom for å setje saman element frå ulike sjangrar eller stilartar, og for nyskaping ut frå tradisjonelle stilelement. Delar av undervisninga kan bli gjeven som felles tilbod med studentar ved Griegakademiet - Institutt for musikk, dersom det ligg til rette for det.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Individuell undervisning i hovud- og bi-instrument, førelesingar, seminar/workshops, gruppeundervisning, prosjektarbeid, og deltaking i studentkonsertar er obligatorisk. Undervisninga er obligatorisk med krav om minimum 80% frammøte, dersom ikkje anna er nemnt.

Studenten si deltaking i obligatoriske faglege aktivitetar skal vurderast som godkjend/ikkje godkjend før avsluttande eksamen. Godkjend obligatorisk arbeid er gyldig i to semester etter ordinært eksamenstidspunkt.

Vurderingsformer

Eksamen er ei konsertframføring på 25 minutt, derav 10-15 minutt med samspel. Minst eitt bi-instrument skal nyttast i løpet av konserten. Intern sensur med minst to sensorar.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen greidd/ikkje greidd nytta.

Emneevaluering

Studentane skal gje ei munnleg evaluering av opplegg og undervisning i emnet kvart semester, og skriftleg ved slutten av kvart studieåret. Leiinga av studiet skal ta omsyn til desse evalueringane ved vidare planleggjing.

Kontaktinformasjon

For meir informasjon, ta kontakt med Ole Bull Akademiet, 56 51 65 00, oba@olebull.no