Bachelor
Norsk
Ole Bull Akademiet, Voss
Mål:
Emnet har som mål å utvikle vidare dugleik, kunnskapar og formidlingsevne i folkemusikkutøving som tilsvarar greidd eksamen i MOB230 Folkemusikkutøving 3.
Innhald:
Arbeidet med hovud- og biinstrument skal dels utvikle vidare det solistiske uttrykket til studentane, dels hjelpe dei til å bli allsidige musikarar, med større fleksibilitet i samspel og i møte med ulike oppgåver i musikklivet. Aktivitetane i samspel skal trene studentane i ulike slag samspels- og prosjektarbeidsformer som kan vere aktuelle i profesjonell samanheng, og utvikle kreativiteten deira. Studenten kan ha vidare fordjuping i solistisk utøving som hovudfokus eller velje større vekt på samspel.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten ..
* har opparbeidd eit høgt nivå når det gjeld tradisjonsforståing og repertoarkunnskap.
Ferdigheiter
Studenten ..
* har vidareutvikla det solistiske uttrykket sitt og kan utøve tradisjonsmusikk på eit høgt musikalsk og teknisk nivå, solo og i samspel
* meistrar stoff frå fleire tradisjonar.
Generell kompetanse
Studenten ..
* kan arbeide kreativt i ulike samspels- og prosjektarbeidsformer.
- Hovudinstrument: Individuell undervisning og førelesingar eller seminar/workshops om utvalde tema.
- Biinstrument: Individuell undervisning. Kan erstattast med hovudinstrumenttimar dersom studenten tek biinstrument som valemne.
- Samspel: Gruppeundervisning og prosjektarbeid med rettleiing. Utvalde problemstillingar vil bli tekne opp i førelesingar, på seminar eller i workshops.
Delar av undervisninga kan bli gitt som felles tilbod med studentar ved Griegakademiet ¿ Institutt for musikk, dersom det ligg til rette for det. Studenten kan velje større eller mindre vekt på samspel, sjå under vurderingsformer.
Individuell undervisning i hovud- og biinstrument, førelesingar, seminar/workshops, gruppeundervisning, prosjektarbeid og deltaking i studentkonsertar er obligatorisk. Undervisninga er obligatorisk med minimum 80% frammøte, dersom ikkje anna er nemnt.
Studenten gjer framlegg om eksamensprogram, som skal godkjennast av hovudinstrumentlærar og studieleiing innan ein månad før eksamen.
Studenten si deltaking i obligatoriske faglege aktivitetar skal vurderast som godkjend/ikkje godkjend før avsluttande eksamen. Godkjend obligatorisk arbeid er gyldig i to semester etter ordinært eksamenstidspunkt.
I eksamenssemesteret skal det leggjast fram ei repertoarliste på 90 minutt spel/song (inkl. 45 minutt frå MOB230 Folkemusikkutøving 3). Repertoarlista skal vere godkjend av faglærar og leverast inn til studieadministrasjonen innan ein månad før eksamenstidspunkt.
Eksamen er ein offentleg konsert på 45 minutt. For studentar som vel større vekt på samspel, skal 15 minutt av konserten vere samspel, og eitt av dei framførte arrangementa skal leverast skriftleg før konserten.
Ekstern sensur med ein ekstern sensor og til saman minst to sensorar.
Studierettleiar kan kontaktast her:
studieveileder@kmd.uib.no
Tlf 55 58 69 50
Ole Bull Akademiet kan kontaktast her:
oba@olebull.no
Tlf 56 51 65 00