Emner: MOB231 Folkemusikkutøving 4 - Vår 2014




Studiepoeng

30.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningsstad

Ole Bull Akademiet, Voss

Mål og innhald

Emnet skal utvikle vidare dugleik, kunnskapar og formidlingsevne i folkemusikkutøving som tilsvarar greidd eksamen i MOB230 / Folkemusikkutøving 3. Emnet har to komponentar: 1)Hovud- og bi-instrument og 2) Samspel. Arbeidet med hovud- og bi-instrument skal dels utvikle vidare det solistiske uttrykket til studentane, dels hjelpe dei til å bli allsidige musikarar, med større fleksibilitet i samspel og i møte med ulike oppgåver i musikklivet. Aktivitetane i samspel skal trene studentane i ulike slag samspels- og prosjektarbeidsformer som kan vere aktuelle i profesjonell samanheng, og utvikle kreativiteten deira, så dei kan styrkast som aktørar i ein vital folkemusikkultur.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studentane ha vidareutvikla det solistiske uttrykket sitt, kunne utøve tradisjonsmusikk på sitt hovudinstrument på eit høgt nivå når det gjeld eigen dugleik, tradisjonsforståing og repertoarkunnskap, og dei skal meistre stoff frå fleire tradisjonar. På bi-instrument skal dei ha opparbeidd eit nivå som er høgt nok til å nyttast i arbeid med samspel og arrangering. I samspel skal dei kunne arbeide kreativt i ulike samspels- og prosjektarbeidsformer.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

1) Hovud- og bi-instrument: Individuell undervisning, og førelesingar eller seminar/workshops om utvalte tema. Talet på individuelle undervisningstimar skal i utgangspunktet delast i 50% på hovudinstrumentet og 50% på bi-instrumentet/instrumenta, men det er rom for individuelle tilpassingar.

2) Samspel: Gruppeundervisning, og prosjektarbeid med rettleiing. Utvalde problemstillingar vil bli tekne opp i førelesingar, på seminar eller workshops. Hovuddelen er praktisk utprøving av ulike samspelsformer. Det blir nytta varierte arbeidsformer, som gehørsbasert arrangering, improvisasjon eller arrangement skrivne ut på notar. Arbeidet vil primært ta utgangspunkt i musikalske prinsipp og grunnelement i nordisk tradisjonsmusikk. Ved sida av dette vil det vere rom for å setje saman element frå ulike sjangrar eller stilartar, og for nyskaping ut frå tradisjonelle stilelement. Delar av undervisninga kan bli gjeven som felles tilbod med studentar ved Griegakademiet - Institutt for musikk, dersom det ligg til rette for det.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Individuell undervisning i hovud- og bi-instrument, førelesingar, seminar/workshops, gruppeundervisning, prosjektarbeid, og deltaking i studentkonsertar er obligatorisk. Undervisninga er obligatorisk med minimum 80% frammøte, dersom ikkje anna er nemnt.

Studenten si deltaking i obligatoriske faglege aktivitetar skal vurderast som godkjend/ikkje godkjend før avsluttande eksamen. Godkjend obligatorisk arbeid er gyldig i to semester etter ordinært eksamenstidspunkt.

Vurderingsformer

Eksamen er ein offentleg konsert på 45 minutt, der kandidaten er ansvarleg for konsertopplegget. Konserten skal innehalde minst 15 minutt med samspel. Eitt av arrangementa skal leverast inn i notert form før konserten, men det er den framførte versjonen som blir vurdert. Minst eitt bi-instrument skal nyttast i løpet av konserten. Solo- og samspelsprestasjon, arrangement og konsertopplegg skal vurderast.

Ekstern sensur med ein ekstern sensor og til saman minst to sensorar.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Emneevaluering

Studentane skal gje ei munnleg evaluering av opplegg og undervisning i emnet kvart semester, og skriftleg ved slutten av studieåret. Leiinga av studiet skal ta omsyn til desse evalueringane ved vidare planleggjing.

Kontaktinformasjon

For meir informasjon, ta kontakt med Ole Bull Akademiet, 56 51 65 00, oba@olebull.no