Emner: MOB231 Folkemusikkutøving 4 - Vår 2018




Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Undervisningsstad

Ole Bull Akademiet, Voss

Mål og innhald

Emnet skal utvikle vidare dugleik, kunnskapar og formidlingsevne i folkemusikkutøving som tilsvarar greidd eksamen i MOB230 Folkemusikkutøving 3. Arbeidet med hovud- og bi-instrument skal dels utvikle vidare det solistiske uttrykket til studentane, dels hjelpe dei til å bli allsidige musikarar, med større fleksibilitet i samspel og i møte med ulike oppgåver i musikklivet. Aktivitetane i samspel skal trene studentane i ulike slag samspels- og prosjektarbeidsformer som kan vere aktuelle i profesjonell samanheng, og utvikle kreativiteten deira. Studenten kan ha vidare fordjuping i solistisk utøving som hovudfokus, eller velje større vekt på samspel.

Læringsutbyte

Studentar som har fullført emnet skal ha følgjande læringsutbyte:

Kunnskapar:

Studenten skal ha opparbeidd eit høgt nivå når det gjeld tradisjonsforståing og repertoarkunnskap.

Ferdigheiter:

Studenten skal ha vidareutvikla det solistiske uttrykket sitt, og kunne utøve tradisjonsmusikk på eit høgt musikalsk og teknisk nivå, solo og i samspel. Studenten skal meistre stoff frå fleire tradisjonar.

Generell kompetanse:

Studenten skal kunne arbeide kreativt i ulike samspels- og prosjektarbeidsformer.

 

Krav til forkunnskapar

Tilrådde forkunnskapar

Studiepoengsreduksjon

Krav til studierett

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

1) Hovudinstrument: Individuell undervisning, og førelesingar eller seminar/workshops om utvalde tema.

 

2) Bi-instrument: Individuell undervisning. Kan erstattast med hovudinstrumenttimar dersom studenten tek bi-instrument som valemne.

 

3) Samspel: Gruppeundervisning, og prosjektarbeid med rettleiing. Utvalde problemstillingar vil bli tekne opp i førelesingar, på seminar eller workshops. Delar av undervisninga kan bli gitt som felles tilbod med studentar ved Griegakademiet - Institutt for musikk, dersom det ligg til rette for det. Studenten kan velje større eller mindre vekt på samspel, sjå under vurderingsformer.

 

 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Individuell undervisning i hovud- og bi-instrument, førelesingar, seminar/workshops, gruppeundervisning, prosjektarbeid, og deltaking i studentkonsertar er obligatorisk. Undervisninga er obligatorisk med minimum 80% frammøte, dersom ikkje anna er nemnt.

 

I eksamenssemesteret skal det leggjast fram ei repertoarliste på 90 minutt spel / song (inkl. 45 minutt frå MOB230 Folkemusikkutøving 3). Repertoarlista skal vere godkjend av faglærar og leverast inn til studieadministrasjonen innan ein månad før eksamenstidspunkt.

 

Studenten gjer framlegg om eksamensprogram, som skal godkjennast av hovudinstrumentlærar og studieleiing innan ein månad før eksamen.

 

Studenten si deltaking i obligatoriske faglege aktivitetar skal vurderast som godkjend/ikkje godkjend før avsluttande eksamen.

Godkjend obligatorisk arbeid er gyldig i to semester etter ordinært eksamenstidspunkt.

Vurderingsformer

Eksamen er ein offentleg konsert på 45 minutt. For studentar som vel større vekt på samspel skal 15 minutt av konserten vere samspel, og eitt av dei framførte arrangementa skal leverast skriftleg før konserten.

Ekstern sensur med ein ekstern sensor og til saman minst to sensorar.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Litteraturliste

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergens kvalitetssikringssystem. 

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon

For meir informasjon, ta kontakt med Ole Bull Akademiet, 56 51 65 00, oba@olebull.no

Institutt

Griegakademiet - Institutt for musikk