Emner: MOL100 Innføring i molekylærbiologi - Høst 2014




Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår (Fargekode: blå) Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet gir ei oversikt i moderne molekylærbiologi med spesiell vekt på ei kjemisk, genetisk og evulosjonær tilnærming til forståing av biologiske prosessar og system. Det blir gitt ein introduksjon til oppbygging av celler og skilnaden på pro- og eukaryote organismar, modelorganismar, genetikk, biomolekyl, proteinstruktur, enzymologi, metabolisme, bioenergetikk, fotosyntese, replikasjon, transkripsjon, translasjon, ernæring, sjukdom og helse, bioteknologi og molekylærbiologisk metodologi. Det blir fokusert på felles molekylærbiologiske prinsipp og prosessar i ulike organismar.

Læringsutbyte

Ved fullført emne MOL100 skal kandidaten kunne:

- forklare enkelt sentral molekylær biologisk terminologi

- ha ei forståing mellom skilnaden mellom pro- og eukaryote organismar

- forklara dei mest basale genetisk omgrep og forstå samanhengen mellom fenotype og genotype

- gjere greie for sentrale molekylærbiologiske og biokjemiske prosessar i celler med stor vekt på prinsippet for overføring av genetisk informasjon, frå DNA via RNA til protein

- klaregjera struktur og funksjon til ulike subcellulære strukturar og organeller

- forstå dei viktigaste kjemiske prinsippa for oppbygging av biomolekyl

- gjera greie for sentrale metabolske prinsipp og koplinga mellom anabolske og katabolske reaksjonar

- klargjera ulike kjelder til cellulær energi og forstå uttrykk som fri energi, energilagring og elektrontransport

- forklara vesentlige steg i fotosyntesen og kva molekylære prosessar som inngår i den

- visa ei forståing av sentrale steg i fordøying og samanhengen mellom biokjemiske prosessar og sjukdom

- forklara kjemiske prinsipp for separasjons- og deteksjonsteknikkar og forstå skilnaden mellom kvantitative og kvalitative analysar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

KJEM100 og/eller KJEM110

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Tre deleksamenar som til saman tel 20% av sluttkarakteren. Dei tre første kollokvia er obligatorisk. Obligatorisk aktivitet er gyldig i seks semester (undervisningsemesteret og dei fem påfølgande semestra).

Vurderingsformer

Deleksamenar (20%) og skriftleg eksamen, 4 timar (80%).

Tillatne hjelpemiddel: Ingen

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar ved Molekylærbiologisk institutt, studierettleiar@mbi.uib.no