Emner: MOL201 Molekylær cellebiologi - Høst 2014




Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår (Fargekode: gul)

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet omhandlar eukaryote celler med hovudvekt på proteinsekresjon, intracellulære transportmekanismer, cellekommunikasjon, cellesyklus, cytoskjellet, vevsoppbygging, celledifferensiering og kreftutvikling. emnet gir ei detaljert innføring ig det blir lagt vekt på molekylær og eksperimentell forståing.

Læringsutbyte

Ved fullført emne MOL201 skal studenten kunne:

- greie ut om sentrale funksjonar i cella og korleis dei er knytt til subcellulære strukturar.

- Forklara cellekommunikasjon og samanlikna ulike typar signalisering

- Identifisere viktige trinn i cellesyklus og forklara reguleringstrinna og korleis desse kan knytast til kreftutvikling

- Skildre sortering og sekresjon av protein og forklara prosessane molekylært

- Greie ut om cytoskjelettet sin oppbygnad og ulike funksjonar.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MOL100 eller tilsvarande.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen, 4 timar.

Tillatne hjelpemiddel: Ingen

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar, studierettleiar@mbi.uib.no