Emner: MOL203 Genstruktur og -funksjon - Vår 2018
Undervisningsspråk
Engelsk, norsk dersom kun norskspråklege studentar deltek.
Undervisningssemester
Haust
Frist for å melda seg til undervising i emnet er torsdag veke 33 for haustsemesteret. Du får svar på Studentweb seinast tysdag veka etter om du har fått plass på emnet.
Første forelesning/orienteringsmøtet er obligatorisk,du mistar undervisingsplassen i emnet om du ikkje stiller denne dagen.
Tidspunkt for første forelesning/orienteringsmøtet finn du på timeplanen på nettsida til emnet eller på Mitt UiB.
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Mål:
Emnet skal gi ein detaljert forståing av molekylære struktur og funksjon av det genetiske materiale i prokaryote og eukaryote celler.
Innhald:
Dette emnet handlar om struktur av DNA, RNA og kromatin og korleis vedlikehald av genom gjennom replikasjon, reparasjon og rekombinasjon vert utført. Det vert også fokusert på korleis uttrykk av genom gjennom kromatin modifiseringar, genregulering, transkripsjon, RNA spleising og translasjon skjer. Genteknologiske metodar i studiar av biologiske mekanismar og strukturer vert omtalt.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- kan forklare DNA struktur og topologi, RNA struktur, kromatinorganisering og -modifisering med vekt på funksjon i regulering av gener
- kan forklare detaljert om replikasjon, transkripsjon og translasjon
- kan forklare rekombinasjon og korleis DNA-skader oppstår, korleis dei vert kjende att og reparererte
- kan forklare detaljert om molekylære mekanismar i genregulering på alle nivå
- kan samanlikne molekylære mekanismar i genregulering i pro- og eukaryote organismar
- kan oppdatere sin kunnskap innan molekylærbiologi
- kan reflektere over etiske problemstillinger knyttet til bruk av molekylærbiologisk forskning
Ferdigheiter
Studenten
- meistrar å formidle om kromatin og genregulering
- meistrar å samanlikne molekylære mekanismer i genregulering for å vise likskapar og skilnadar mellom prokaryote og eukaryote organismar
- les, diskuterer og kommuniserer relevant faglitteratur
Krav til forkunnskapar
MOL100 eller tilsvarande
Tilrådde forkunnskapar
MOL200, MOL201, MOL202/MOL221 og MOL222
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav.
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesning kombinert med aktive læringsformer. Kollokvium.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Første forelesing/orienteringsmøtet er obligatorisk.
Vurderingsformer
Skriftleg eksamen, 4 timar.
Tillatne hjelpemiddel: Ingen
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Fagleg overlapp
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
Studierettleiar ved Institutt for Biovitenskap, studie@bio.uib.no