Emner: MOL210 Lipidbiokjemi: Fra kjemi til sykdom - Vår 2014
Undervisningsspråk
Engelsk. Norsk dersom kun norsktalande studentar deltek.
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
MOL210 vil byggje på kunnskap tileigna i grunnleggjande biokjemi av lipid. Dette kurset vil utdjupe studenten si forståing av karakteristikkane til lipid på kjemisk, cellulært og patologisk nivå. Studenten skal tileigne seg ei forståing av korleis eigenskapane til lipid, både kjemisk og på signaliseringsnivå, blir overført til funksjon eller dysfunksjon. Kurset vil også gi ei innføring i korleis lipid samhandlar med og påverkar funksjonen av makromolekyl, og ei teoretisk innføring i noverande toppmoderne metodikk for lipidforsking.
Læringsutbyte
Studenten skal få ei djup forståing av og kunnskap om eigenskapane til lipid frå både kjemisk og biologisk perspektiv. Ei forståing av nokon lipid-relaterte sjukdommar vil også vere forventa ved kursavslutning.
Krav til forkunnskapar
MOL100, MOL200, KJEM110 og KJEM130 (eller tilsvarande). Emnet høver best i mastergraden, tidlegast 5. eller 6. semester av bachelorgraden.
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Godkjent semesteroppgåve som tel 25% av endeleg karakter.
Vurderingsformer
Semesteroppgåve (25%) og skriftleg eksamen, 4 timar (75%).
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Fagleg overlapp
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.