Emner: MOL213 Utviklingsgenetikk - Vår 2014




Undervisningsspråk

Engelsk

Undervisningssemester

Haust. Kurset vert ikkje undervist ved lågt studenttal. Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir infor: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Det teoretiske grunnlaget for utviklingsbiologi vil bli gjennomgått med spesiell vekt på mekanismar som styrer tidlege trinn i fosterutviklinga. Emnet gjev også ei grundig innføring i genetiske kontrollmekanismar og korleis mutasjonar kan føre til misdanningar. Eksperimentell forståing og evolusjonsmessige samanhengar vil bli vektlagt.

Læringsutbyte

Ved fullført emne MOL213 skal studenten kunne:

- greie ut om grunnleggjande omgrep, prinsipp og metodar innan utviklingsbiologi.

- identifisere fellestrekk og ulikskapar mellom tidlege trinn i fosterutviklinga hjå vertebrater og insekt (Drosophila-modellen).

- forklara korleis genetiske og molekylære mekanismar bestemmer utvikling av kroppssegment hjå Drosophila-modellen.

- greie ut om regulering av celledifferensiering i ulike vev og organanlegg under fosterutviklinga hjå vertebrater.

Krav til forkunnskapar

MOL100 eller tilsvarande. Emnet høver best i mastergraden, tidlegast 5. eller 6.semester av bachelorgraden.

 

Tilrådde forkunnskapar

MOL200, MOL201, MOL202, MOL203.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen, 4 timar.

Tillate hjelpemiddel: kalkulator og godkjent ordliste.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar ved Molekylærbiologisk institutt, studierettleiar@mbi.uib.no