Vår.
Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved MN-fakultetet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 2. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veka etter fristen.
Det er obligatorisk oppmøte på første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte på første forelesing/orienteringsmøtet må du kontakte studieseksjonen på e-post: studie.bio@uib.no. Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller på Mitt UiB.
Dette emnet byggjer på MOL102 Eksperimentell molekylærbiologi I.
I MOL222 vil studentane fylgje laboratorieprotokollar for å utføre molekylær kloning av to proteinkodande gener etterfulgt av uttrykking i mammalske celler og analyser med immuno-deteksjon og mikroskopiteknikkar. Resultata som vert oppnådd vil rapporteras i format for vitskapeleg publikasjon (IMRaD). MOL222 vil gje studentane teoretisk og praktisk introduksjon til viktige metodar og teknikkar i biokjemi og molekylærbiologi. Desse inkluderer arbeid med molekylær kloning, PCR, plasmidoppdyrking i bakterier, plasmidreining, restriksjonsenzymanalyse, overuttrykking av gener i mammalske celler, mikroskopi og gelelektroforese. I tillegg vil studentane få eigenhands erfaring og fordjupning med bruk av nukleinsyredatabaser og andre bioinformatiske verktøy. Studentane vil læra dei fysiske og kjemiskeprinsippa bak dei analytiske metodane. Samstundes med dei praktiske aspekta ved emnet vil det også verta lagt særskilt vekt på dokumentasjon, kritisk evaluering og kvalitativ og kvantitativ analyse av resultata. Tryggleiksaspekt ved laboratoriearbeid vert og vektlagt. Emnet har som mål å gje solid grunnkunnskap og ferdigheiter i eksperimentell molekylærbiologi teknikkar og vitskapeleg kommunikasjon, og dermed danne grunnlag for vidare studier i molekylærbiologi.
Kunnskap blir vurdert basert på mappevurdering (IMRaD rapport, 60 % karakter) og skuleeksamen (praktiske problemstillingar i molekylærbiologi, 40 % karakter).
Studenten skal ved avslutta emne ha fylgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
Ferdigheiter
Studenten
Generell kompetanse
Studenten
MOL100, KJEM110 og eit av emna MOL103(MOL203)/MOL200/BIO103.
MOL102 må være fullført eller ein kan ta det same semester som MOL222. Andre emne med mykje molekylærbiologisk laboratorieundervising kan erstatte MOL102 som forkunnskapskrav.
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, og at du oppfyller eventuelle opptakskrav. Bachelorstudenter i molekylærbiologi har fortrinnsrett til emnet.
Ein skriftleg laboratorierapport for alle dei enkelte laboratorieprosjektene (60 % karakter). Studentane jobbar saman to og to og leverer ein labrapport saman. Individuell skuleeksamen, 3 timar (40 % karakter). All obligatorisk aktivitet må vere godkjent, og labrapport samt skuleeksamen må vera gjennomført for å få karakter i emnet i undervisningssemesteret.
I semester utan undervisning kan studenten gjennomføra skuleeksamen, dersom den obligatoriske aktiviteten er godkjent og labrapporten er gjennomført. Resultatet av denne eksamen vil utgjere 40% av karaktergrunnlaget og labrapporten vil utgjere 60%.
Emnet eigast av Institutt for biovitenskap.
Kontakt: