Emner: MOL301 Biomolekyler - Vår 2014




Undervisningsspråk

Engelsk

Undervisningssemester

Haust, blir ikkje undervist ved lågt studenttal. (Fargekode: blå)

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet gir ei oversikt i dei ulike gruppene av biologiske makromolekyl: protein, karbohydrat, lipid og nukleinsyrer. Det blir fokusert på struktur og funksjon til desse molekyla. Emnet gir ei detaljert innføring og det blir lagt vekt på grunnleggjande metabolske prosessar, enzymologi, bioenergetikk og grunnleggjande biokjemiske reaksjonar og regulering av desse.

Læringsutbyte

Ved fullført emne MOL301 skal studenten kunne:

- framstille strukturar og biokjemiske eigenskapar til protein, karbohydrat, lipid og nukleinsyrer

- forklare grunnleggjande metabolske prosessar og regulering av desse.

- ha kunnskap i enzymologi og regulering av biokjemiske reaksjonar

- skildre bioenergetiske prinsipp som driv metabolisme

- analysere og presentere vitskaplege artiklar som behandlar metabolske prosesser

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Bachelorgrad eller tilsvarande med noe bakgrunn i molekylærbiologi. Emnet er spesielt tilrettelagt for masterstudenter i bioinformatikk.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Dei to første kollokviene er obligatorisk. Skriftleg semesteroppgåve (tel 20% av karakteren) og munnleg presentasjon semesteroppgåva. Obligatorisk aktivitet er gyldig i seks semester (undervisningssemesteret og dei fem påfølgande semestera).

Vurderingsformer

Semesteroppgåve (20%) og skriftleg eksamen, 4 timar (80%).

Ingen tillate hjelpemiddel.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

MOL101: 10 sp, MOL200: 10 sp, teoridel KB101: 10 sp.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar ved Molekylærbiologisk institutt, studierettleiar@mbi.uib.no.