Emner: MUF202 Improvisasjon - Høst 2014




Studiepoeng

10.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

 Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Undervisningsstad

 Bergen

Mål og innhald

Emnet gjev studenten fordjuping og erfaring i improvisasjon gjennom å arbeide med musikalsk grunnlagsmateriale innafor melodi, rytmikk og klang. Studenten skal bli friare i si utøving på sitt eige instrument. Emnet er sjangeruavhengig.

Ensemblespel er ein sentral del av emnet og difor vil mye av undervisninga og konsertverksemda vere i eit ensemble. Ensemblet vil fungere som eit basisensemble som vil bli nytta ved konsertar og eksamen.

Studenten skal også arbeide med solistiske innslag.

Læringsutbyte

Studentar som har fullført emnet

Krav til forkunnskapar

Emnet er normalt eit tilbod til studentar som har gjennomført 2. studieår på Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon, eller tilsvarande. Av omsyn til samansetjinga og storleiken på ensemblet, vil emneansvarlig vurdere kven som får tilbod om emnet.

Tilrådde forkunnskapar

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon, eller andre studieprogram på Griegakademiet - Institutt for musikk etter individuell søknad.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga omfattar arbeid med ulike former for musikalsk grunnlagsmateriale. Det vil bli arbeidd med ulike variantar av melodi, rytmikk og klang med siktemål om å oppnå ein friare musikkutøving på sitt eige instrument.

Gjennom etydar/øvingar utforskar ensemble og enkeltstudentar område som bidreg til å utfordre eins musikalske ståstad.

Innanfor området melodi blir det mellom anna arbeidd med modalitet, bitonalitet og intervalliske strukturar. l rytmikk blir det arbeidd med puls, underdeling og polyrytmikk, medan ein innanfor området klang arbeidd med emne som registerbruk, dynamikk, harmoni og klangfarge.

I tillegg blir det sett fokus på ulike teknikkar brukt i sjangeruavhengig improvisasjon.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.

Vurderingsformer

Ein konsertframføring i slutten av vårsemesteret. Studentane på emnet skal saman gje ein konsert på minimum 30 minuttar. Studentane får individuell vurdering.

Intern sensur med minst to sensorar.

Karakterskala

 Greidd/ikkje greidd

Fagleg overlapp

 

Vurderingssemester

Litteraturliste

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Griegakademiet - Instiutt for musikk. E-post: studierettleiar@grieg.uib.no

Institutt

 Griegakademiet - Institutt for musikk