Emner: MUF202 Improvisasjon - Vår 2014




Studiepoeng

10.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

 Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Undervisningsstad

 Bergen

Mål og innhald

Emnet gjev studenten fordjuping og erfaring i improvisasjon gjennom å arbeide med musikalsk grunnlagsmateriale innafor melodi, rytmikk og klang. Studenten skal bli friare i si utøving på sitt eige instrument. Emnet er sjangeruavhengig.

Ensemblespel er ein sentral del av emnet og difor vil mye av undervisninga og konsertverksemda foregå i eit ensemble. Ensemblet vil fungere som eit basisensemble som vil bli nytta ved konsertar og eksamen.

Studenten skal også arbeide med solistiske innslag.

Læringsutbyte

 Studenten i fullført emne:

- kan nytta sitt eige instrument til å improvisere med utgangspunkt i musikalsk grunnlagsmateriale innanfor melodi, rytmikk og klang.

- kan nytta seg av teknikkar i høve til improvisatorisk bruk av eige instrument som

soloutøvar eller i eit ensemble.

- kan nytta sitt eige instrument til å improvisere i ulike musikalske settingar

- kan vise dugleik i improvisasjon og ensemblespel på høgt kunstnarleg nivå.

Krav til forkunnskapar

 Emnet er normalt eit tilbod til studentar som har gjennomført 2. studieår på Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon. Dette tilsvarar minst 120 studiepoeng. Av omsyn til samansetjinga og storleiken på ensemblet, vil talet på plassar vere begrensa. Studentar i 4. studiår vert prioriterte ved tilbod om emnet.

Tilrådde forkunnskapar

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon, eller andre studieprogram på Griegakademiet ¿ Institutt for musikk etter individuell søknad.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

 Undervisninga omfattar arbeid med ulike former for musikalsk grunnlagsmateriale. Det vil bli arbeidd med ulike variantar av melodi, rytmikk og klang med siktemål om å oppnå ein friare musikkutøving på sitt eige instrument.

 

Gjennom etydar/øvingar utforsker ensemble og enkeltstudenter områdar som bidreg til å utfordre eins musikalske ståstad.

Innanfor området melodi blir det mellom anna arbeidd med modalitet, bitonalitet og intervalliske strukturar. l rytmikk blir det arbeidd med puls, underdeling og polyrytmikk, medan ein innanfor området klang arbeidd med emne som registerbruk, dynamikk, harmoni og klangfarge.

I tillegg blir det sette fokus på ulike teknikkar og brukt i sjangeruavhengig improvisasjon.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

 - deltagelse på fellesundervisning

- deltaking i ensemble og enembleprøvar

All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.

Vurderingsformer

 Fire konsertframføringar, to framføringar per semester. Hver fremføring skal være på minimum 30 minutter. Intern sensur med minst to sensorar.

Karakterskala

 Greidd/ikkje greidd

Fagleg overlapp

Vurderingssemester

Litteraturliste

Emneevaluering

 Undervisninga vert evaluert i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Griegakademiet - Instiuttt for musikk. E-post: studierettleiar@grieg.uib.no

Institutt

 Griegakademiet - Institutt for musikk