Emner: MUG107 Musikkteori I - Vår 2014




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over 2 semester.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet tek sikte på å skjerpe studentane si forståing av tonal musikk. Ein søkjer å oppnå breidde gjennom arbeid med ulike satstypar og stilartar der funksjonell harmonikk utgjer ei overordna ramme.

Emnet er sett saman av sats- og høyrelære. Desse vert forsøkt integrert dersom tilhøva ligg til rette for det. I satslære vert det gjeve ei innføring i elementære satsteknikkar med hovudvekt på dur/moll-koralen og nokre grunnprinsippar i polyfon sats. I høyrelære vert det inkludert primavistasong og rytme, auditiv analyse, enkle kombinasjonsøvelsar/polyrytmikk,

funksjonslytting, besifringsspel, og dessutan melodi-, rytme- og akkorddiktat

Læringsutbyte

Studenten i fullført emne
- viser grunnleggjande kunnskap om satsteknikkar i det tonale systemet
- kjenner til dei grunnleggjande prinsippa for polyfon sats
- kan identifisere, gje att og beskrive tonekjønn og rytme gjennom lytting

Krav til forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesning/fellesundervisning, gruppeundervisning og individuell rettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

- Delta på førelesingar og gruppeundervisning.

- Oppgåveinnlevering av gjevne oppgåver, normalt 5 til 8, som inngår i mappevurdering. Oppgåvene til mappa vert valt ut i samråd med faglærar.

All undervisning er obligatorisk.

Fråvær på meir enn 20 % fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen. Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldig i to semester etter gjennomføring.

Vurderingsformer

Mappe og munnleg.

Vurderingsforma omfattar to eksamensdelar som er likt vekta:
* Satslære: Ei mappe med minimum 5 godkjente oppgåver. Oppgåvene til mappa vert valt ut i samråd med faglærar.
* Høyrelære: Munnleg eksamen.
Mappa i satslære må være greidd før munnleg eksamen i høyrelære.
Intern sensur med minst to sensorar.

Karakterskala

Greidd/ikkje greidd.

Ein greidd eksamensdel er gyldig i to semester etter gjennomføring.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med Universitetet i Bergen sitt
kvalitetssikringssystem..

Kontaktinformasjon

studieretleiar@grieg.uib.no