Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.
Emnet tek sikte på å skjerpe studentane si forståing av tonal musikk. Ein søkjer å oppnå breidde gjennom arbeid med ulike satstypar og stilartar der funksjonell harmonikk utgjer ei overordna ramme.
Emnet omfattar mellom anna harmonisering, komponering, harmonisk analyse, akkordlytting, melodilesing og rytmelesing.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten ..
*er fortruleg med standard system for notasjon av melodiar, akkordar og rytmar
* er fortruleg med akkordoppbygging og toneartar i tonal musikk
* er fortruleg med dei ulike systema for harmonisk analyse
Ferdigheiter
Studenten ..
* kan identifisere melodiske og harmoniske grunnstrukturar auditivt og visuelt.
* meistrar elementær koralharmonisering
* kan bladlese enkle melodiar og rytmar
Generell kompetanse
Studenten ..
* kan anvende kunnskapar og ferdigheiter frå emnet på ein sjølvstendig måte.
All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20 % fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.
Vurderingsforma omfattar to eksamensdelar som er likt vekta:
Den skriftlege prøva må vere greidd før munnleg eksamen.
Ekstern sensur med minst to sensorar.